Wergeland Kjellerbryggeri

Etter eit års brygging har det blitt mykje godt øl, men eg har heile tida slete med temperaturkontroll. Dette har ført til mang ei stressande bryggeøkt for å holde riktig mesketemperatur. Etter å ha lest ein del her på forumet om PIDer, RIMS og HERMS falt eg for fristelsen å oppgradere bryggeriet litt for å få bedre kontroll på temperaturen.
Eg har også planer om å lage "bryggeriet" (eller det som skal bli vaskekjeller viss vi får plass til vaskemaskina då :) litt meir innbydande. No er det eit salig kaos av lager/bryggeri/teknisk rom i eit 100 år gammalt hus under oppussing.

5u8eseha.jpg

Som bildet viser så er det LITT rotete. Det blir forhåpentligvis bedre etter kvart.

ehapegy8.jpg

Det er vel dette som kalles RIMS. Oppi vannkokeren er det 4,5m med 8mm drivstoffrør frå Biltema. Var litt spent på om vannkokaren ville slå seg av når når den mistet strømmen, men det gjorde den ikkje. Då har eg ei ekstra sikring i tilfelle eg skulle gløyme å slå på pumpa. Når vatnet kokar vil den slå seg av slik alle vannkokarar gjer :) Pumpa er i minste laget (den er kjøpt hos greatbreweh.com), men den klarer å få til ein form for resirkulering :)

bygyge5e.jpg

HLT har også fått pumpe for å få sirkulasjon i vatnet under oppvarming. Sensor til PID er montert øverst. Det er meininga å mekke ein nivåmålar på sida av bøtta, men foreløpig er et berre skalaen som er laga. Held berre opp slangen frå tappekranen for å finne ut nivået.

u8y3uru4.jpg

Etter kvart skal eg bygge eit stativ for plassering av HLT og mesketanken, men foreløpig .....

aga6ypy8.jpg

På sikt skal det bli styringskap ala ElectricBrewery, men som ein test vart det montert på ei fjøl :)

3u6e5ene.jpg

No er det slutt på tørrgjær. Måtte mekke ein magnetrørar også. Birger hadde berre 5liter kolbe så då vart det det.
Det er ikkje gjærstartar som er i kolben. Dette var berre ein test.


Etter kvart som det skjer ting på Wergeland, vil det dukke opp meir bilder og tekst




Wergeland Kjellerbryggeri / hobbyrommet.no
 
Tilbake
Topp