Det vil eg òg gjerne vite. Når det kjem til WLP kjøper eg ikkje noko eldre enn 1 mnd, dvs må det vera 5 mnd att i datoen. Brått fann WLP ut at gjæren sin dato kunne forlengast frå 4 til 6 mnd, men det forandrar imidlertid ikkje mitt forbruksmønster!
Kva type gjær brukte du? Elles bør du starte gjæringa for alegjær lågare enn 20, då gjæren også avgjer 2-3 grader. Gjæring på varmekablar er også ein uting, sjølv om romtemperaturen skulle vera 18-20.
Den må du bytte! Viktig å signalisere at du ikkje finn deg i slikt, for tendensen slik eg opplever den er at fleire og fleire bryggekjøpmenn stadig testar grensene i denne heite marknaden.
Dersom kjøkkendelen av ventilasjonsanlegget ditt ikkje klarar ta unna 60-90 minuttars vørterkoking, er det anten underdimensjonert og/eller feilinnstilt frå montør. Du bør difor uansett teste ei bryggerunde, og kanskje ei gryte lapskaus like etterpå.
Ikkje for å ødelegge stemninga mellom alle tablettane, men eg ville nok satsa på at noko sukker vart teke opp i ølet - og heller satt flaskene i romtemperatur nokre fleire veker framover.
Trikset må vera å helle heile flaska over i glass eller mugge. Let du den stå tippar eg gjæren stig til overflata. Elles har eg kun opplevd dette med nokre få yngre øl, dette fordi gjæren ikkje har fått satt seg skikkeleg i botnen av flaska.
OK, eg har normalt kun hatt krydder i siste 5 min. Alternativt kokt te på dei i tilsvarande periode. Om du har tørrkrydra i nokre dagar vil eg tru det er hovudårsaka til stjerneanis-ODen.
Kjøpte mitt fyrste ekstraktsett i dag. Muntons nut brown ale 1,8 kg frå Europris. Hadde sjølvsagt ikkje lest pakningen, kor det står ein må tilsette ytterlegare 1 kg sukker eller dme, så det vart å tilsette nokre restar. Også 0,17 kg molasses 2% iron gjekk i karet for å kompensere. Så truleg...
Eg vil fråråde bruk av blackstrap molasses, sidan denne ofte innheld opptil 15-20% jern! Dette vil prege smaksbiletet uansett korleis ein snur på det. Det som ofte går under namnet "original" eller "unsulphured" molasses har vesentleg lågare jerninnhald, og smakar med det meir lakris enn jern.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.