Ver på vakt vidare. Ølboomen og den manglande konkurransen i Noreg gjer det særs lukrativt å dumpe "utgått" utanlandsk øl her heime. Sal av snart 2 år gamal IPA kunne vanskeleg latt seg gjort dersom Polet bestod av 10 kjeder heller enn ein monopolist.
Det er jo genialt å kunne dumpe gamal IPA i den norske marknaden. Her er ingen konkurranse over 4,75%, og distribusjonsnettet til Polet er så stort at ein får solgt alle dumpingvarer uansett.
Korleis meinar du gjæringa ikkje er komen i gong? Er det manglande plopping i gjærlåsen du baserar dette på, eller har du føreteke målingar av gravity frå dag 0 til dag 3?
Ein kan jo piffe opp ein grandis i ny og ne, og det same kan gjerast med ekstraktsett. Til dømes å justere humlemengde og bytte ut gjæren. Elles er det store kvalitetsvariasjonar mellom ekstrakta, og eg sonderar framleis marknaden med siktemål om å prøve ekstraktbrygging. Det framstår som ein...
Spørsmålet er likevel om ikkje fleire myndigheiter no vil ligge tettare på bransjen i framtida. I ein bransje kor ein til og med har rota med prosentar vil det ofte vera meir å hente, og ganske riktig fann ikkje Mattilsynet også noko. Om det heile kan bortforklarast som bagatellar, får vera opp...
Spanande. Vil tru brygget tålar siste gjæringa. Forholdsvis lite har føregått på slike temperaturar - kun 1.018 til 1.013. Meg bekjent avgjev ikkje gjæren, i denne samanhengen, usmakar så lenge den ikkje jobbar.
Nordmenn flest krydar julematen sin alt for lite, så eit godt krydra juleøl på bordet gjer berre godt. For dei som plar krydre ribba med nellikspiker, ingefær og stjerneanis, kan ein nok velge eit litt nedtona øl akkurat ved middagsbordet. For min del er det krydra juleølet meir for kos å rekne.
Ser ut til at myndigheitene ikkje rørar %-saka, men no kanskje trappar opp tilsynet?
"Mikrobryggerier fikk pålegg av Mattilsynet
Seks små bryggerier i Bergens-området ble sjekket. Mattilsynet fant feil hos alle."
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Alle-mikrobryggerier-fikk-palegg-3471319.html
Tenkjer at juleølsalet byrjar omtrent samstundes i butikkane som på polet. Bryggeria har jo to linjer å forsyne, og kvifor ikkje byrje på same tid? Når det er sagt... i to av butikkane eg brukar mest har eg sett Ægir Hod (juleøl) i hyllene i heile år... Og det har ikkje vore same prod. dato året...
Brygga juleøl i dag. Midt i avkjølinga kjem eg på at det luktar jo ikkje jul i rommet. Julekrydderet var utegløymt. Etter å ha kokt opp te på krydderet luktar det no herrrligt av nellik her... :D
Når eg les om høge gjæringstemperaturar, svovel og svidd gummi, vil eg tru dine erfaringar med gjæring på lagertemperaturar er at desse usmakane ikkje lenger er til stades? For meg verkar Muri-gjæren å vera ein misforstått gjær, men det er kun ut i frå kva eg les av resultat.
Eg har vore i Amarillo, og folketypen er like avslappa som deg. Dessutan har du rett i det du seier. Godt og sjå nokon i bryggenoreg som tek livet med ro, og forheld seg til fakta og realitetar!
Eg trur bringebæra vil overta all smak frå blåbæra, som heller ikkje vil bidra mykje med farge. Ville nok ha splitta batchen og laga ein bringebær og ein blåbær. Same fruktmengdene. Det må meir til enn ein trur.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.