Høyrest litt volsomt ut at den er 17 grader feil. Sikker på at alt er kobla rett? Den tredje ledningen på PT-100 er også kobla? Har du satt dF til 0000? Har du søkt gjennom forumet for info?
https://forum.norbrygg.no/threads/pv-avlesning-pa-pid-stopper-nar-sv-er-nadd.19321/#post-191069
Dette er heilt normalt, eller er det eg som har vore vekke frå forumet så lenge at alle har fått rims og herms og speidel og trur at det ikkje går an å brygge øl utan pumpe?
:)
Har montert i eit 3kw varmeelement av denne typen: http://www.ebay.co.uk/itm/HE7230-72-6ft-LONG-3000-watt-3kw-DRY-WET-ROD-HEATING-ELEMENTS-UNIVERSAL-/130898730797?hash=item1e7a2c1f2d
Eg brukar tre slike i kokekjelen til det store bryggeriet mitt, det har fungert prikkfritt.
Dei kan bøygast med...
Hehe, ja det må bli noko slikt. Det er ikkje alt som er planlagt ned til minste detalj, litt av vegen blir til mens ein går. Men ja, eitelleranna må gjerast med posen. Hadde oprinneleg tenkt å ha hyttekjele fra Biltema med silbunn og eit røyr som gjekk utanpå det andre røyret vis du...
Eit par til:
Over er før lodding. Har klipt av ein ring av loddet og lagt rindt gjennomføringen. Dryp på flussmiddelet og så varme fra undersida til det smeltar.
Lodda gjennomføringane i kveld. Her har eg brukt mjuklodding for å unngå å varme den tynne kjelen for mykje. Rustfritt utvidar seg veldig ved høg temperatur og ein risikerar permanente bulkar.
Utstyret er ein Map-brennar fra Jula, Stay Brite #8 og stay-clean flux.
Viktig å varme kun...
Ein MÅ ikkje sirkulere mesken med pumpe, kan tappe ut i bunn og helle over på topp. Men ein MÅ jo ikkje sirkulere i heile tatt. Formålet med det er ofte for å få klarare vørter og holde jevn temperatur ved å sirkulere gjennom noko som tilfører varme.
Då vil vel dei vanlege pumpene...
Litt inspirasjon:
https://forum.norbrygg.no/threads/kvalitet-pa-butikkol.4550/page-2
https://forum.norbrygg.no/threads/boksfyller-trenger-elektrobistand.10491/#post-99299
https://forum.norbrygg.no/threads/canning-my-home-brew.19854/#post-197440
Magnumhansen har ikkje vore pålogga på ei stund...
Får ikkje den til å flukte på innsida vel? Eller det var kansje ikkje poenget heller? På min, sidan koblingane står i kjelebotnen, vil eg ha dei flush, eller helst litt nedsenka for at det ikkje skal ligge igjen ein dam i kjelen som er umogeleg å drenere.
Det er ikkje min oppfinnelse, det er...
Bestilt fra US ja. Fine kjelar eigentleg sjølv om dei er veldig tynnvegga. Har lest på nett at dei store kjelane har litt for tynne veggar i forhold til størrelsen. Men denne er ok. Tynn botn så innebygd element vil vere det beste. Er ca 75mm klaring under silkorga så det er greit med plass...
Hola i botnen har eg bora med 22mm stegbor fra Clas. Og så "bulka" utover med eit verktøy eg laga sjølv. Dette for å få litt meir styrke når det skal loddast. Det blir eit lite krater rundt koblinga som kan fyllast med sølvlodd.
Verktøyet er ein messingkopp som mothold og ein plugg som er forma...
Eg har eit velfungerande 100l-bryggeri av tradisjonell type, fyrt med elektrisitet, koniske gjæringstankar med kjøling og trykkvakt, men med tre små i hus er det ikkje så ofte eg bryggar. Dei hundre literane varer jo ei stund og.
Eg har også eit kompaktbryggeri basert på ein Weck-kjele, men den...
Trur ikkje Oddvar meiner det er feil. Harris #8 smeltar ved typisk loddebolttemperatur, og blir då kalla mjuklodding. Hardlodding eller brazing smeltar med mykje høgare temperatur, typisk 600 grader og oppover, men er sterkare, sølvholdig tilsats med 40-50% (eller meir) sølv kan brukast. Sølv er...
Det er ikkje såååå viktig med absolutt temperatur. Det viktigaste er at du brukar samme måleutstyr og metode fra gang til gang. Finn deg eit godt termometer and stick with it.
Å måle nøyaktig temperatur er meir komplisert enn dei fleste trur.
Kopar i mesken er ok. Men ikkje i gjæringskar eller...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.