Bygging av kompaktbryggeri.

Eg har eit velfungerande 100l-bryggeri av tradisjonell type, fyrt med elektrisitet, koniske gjæringstankar med kjøling og trykkvakt, men med tre små i hus er det ikkje så ofte eg bryggar. Dei hundre literane varer jo ei stund og.
Eg har også eit kompaktbryggeri basert på ein Weck-kjele, men den har litt begrensingar i forhold til mengde ferdig vare og maltmengde.

Har lenge tengt å bygge eit kompaktbryggeri der 20-25l ferdig vare i både høg og låg OG er innan rekkevidde. Det betyr 40-ish liter kokekjele, 5-6kg+ meskekapasitet. Kjøpte ein 11gallon (trur eg?) Bayou Classic for eit par år sidan med tanke på dette. Den er perfekt i størrelse, har tilpassa silkorg og er rustfri.

Planen er omtrent slik:
-varmeelement i botnen, under silkorga. Minimum 3000w.
-resirkulering med pumpe, internt i kjelen. Litt som Speidel berre "rette" vegen.
-PID-styring av mesk.
-Variabel effektstyring av elementet under koking.
-Minst mogeleg laust dill som slangar, boksar og pumper. Det meste fastmontert under kjelen ala Speidel.
-For å kunne bruke silkorga må det meskepose til på grunn av dei store hola i botnen og oppover sidene.

20160217_213612.JPG

20160217_213756.JPG

Eit hol i senter for retur fra pumpa. Her blir det lodda i ein kobling med innvendige gjenger slik at det kan skruast i eit røyr inni kjelen som tek vørteren opp til toppen av mesken.
Holet ute langs kanten er til tappekranen og sugesida av pumpe. Her vil det og stikke opp ein PT-100 givar.

20160218_123917.JPG

Røyret i senter med pålodda gjenger (hardlodd). Skal reingjerast og bli blankt og fint etter kvart.
20160218_153452.JPG 20160218_154220.JPG 20160218_154816.JPG

Meir kjem!
 
Hola i botnen har eg bora med 22mm stegbor fra Clas. Og så "bulka" utover med eit verktøy eg laga sjølv. Dette for å få litt meir styrke når det skal loddast. Det blir eit lite krater rundt koblinga som kan fyllast med sølvlodd.
20160218_152741.JPG
Verktøyet er ein messingkopp som mothold og ein plugg som er forma slik at når den blir dradd gjennom holet vil det dra ut ein fin radius. Har dreiebenk så det er ein smal sak å lage slikt.
20160218_201302.JPG
Her er den nesten gjennom. Tatt av motholdet eller koppen for å vise.
20160218_131034 (1).JPG
 
Kjempe! Har lyst å lage noe mer kompakt sjøl. Bryggeriet vårt har tatt litt av, og det er blitt et lite prosjekt å brygge. Kjøpte du kjelen fra US, eller fins det en importør?
 
Bestilt fra US ja. Fine kjelar eigentleg sjølv om dei er veldig tynnvegga. Har lest på nett at dei store kjelane har litt for tynne veggar i forhold til størrelsen. Men denne er ok. Tynn botn så innebygd element vil vere det beste. Er ca 75mm klaring under silkorga så det er greit med plass. Fint med den kanten som korga heng på. Ein biltema hyttekjele har samme mål som korga og vil passe som innerkjele med litt tilpassing, om ein vil ha tette sider og silbotn.
 
Får ikkje den til å flukte på innsida vel? Eller det var kansje ikkje poenget heller? På min, sidan koblingane står i kjelebotnen, vil eg ha dei flush, eller helst litt nedsenka for at det ikkje skal ligge igjen ein dam i kjelen som er umogeleg å drenere.

Det er ikkje min oppfinnelse, det er lange trådar om "dimpling" på HBT. Det er vanleg å dra gjennom ein sveiseredus som verktøy, men eg hadde ikkje det for handa så eg laga min sjølv av messing.
 
Det blir en liten kant, siden jeg drar den innenfra og ut, men den er også svært liten...
Fordelen er at du gjør koning og gjennomdraging med det samme stålstykket.... ellers ingen fordeler :)
Jeg har ikke brukt den i bunnen av kjeler, kun i siden - og da utgjør denne kanten svært lite
 
Lodda gjennomføringane i kveld. Her har eg brukt mjuklodding for å unngå å varme den tynne kjelen for mykje. Rustfritt utvidar seg veldig ved høg temperatur og ein risikerar permanente bulkar.

Utstyret er ein Map-brennar fra Jula, Stay Brite #8 og stay-clean flux.
20160220_220801.jpg
Viktig å varme kun gjennomføringa. Varmen sprer seg til kjelen sjølv.

20160220_213315.jpg
Her har loddinga trekt gjennom og ut. Den blir veldig tyntflytande og kapilærkrefter trekker loddet gjennom sprekker.

Omtrent slik blir det:
20160220_213829.jpg 20160220_220434.jpg
 
Ja.
Men meskepose med snabel? må vi også få bilde av:)
-Tenker han har en plan for den også.

Hehe, ja det må bli noko slikt. Det er ikkje alt som er planlagt ned til minste detalj, litt av vegen blir til mens ein går. Men ja, eitelleranna må gjerast med posen. Hadde oprinneleg tenkt å ha hyttekjele fra Biltema med silbunn og eit røyr som gjekk utanpå det andre røyret vis du sjønnar...... Men så fulgte jo denne silkorga med, dumt å ikkje bruke den.
 
Er ørlite skjeptisk til avrenningen med pose gjennom denne hullgryta.
Men det ser du når du får det på kok.
 
Har montert i eit 3kw varmeelement av denne typen: http://www.ebay.co.uk/itm/HE7230-72...S-UNIVERSAL-/130898730797?hash=item1e7a2c1f2d

Eg brukar tre slike i kokekjelen til det store bryggeriet mitt, det har fungert prikkfritt.
Dei kan bøygast med røyrbøygar til tight radius, eller berre formast rundt ei passande form som ei gryte el.l.

Gjennomføringane er klemmringskoblinar 8mm rustfritt: http://www.ebay.co.uk/itm/1-4-BSP-x...027782?hash=item3cf1b23cc6:g:GIoAAOSwxYxUy0lb

Dei er berekna for 8mm røyr og har ikkje 8mm hol tvers gjennom. Litt modifisering må til, bore gjennom med 8mm og dreie vekk NPT-gjengene. Koblingane blir lodda fast i kjelen så det er best med eit glatt parti. Hadde gjerne funkert å berre lodde dei i med gjenger, men når dei først var i dreiebenken for gjennomboring då dreia eg av dei samtidig.

20160221_221136.JPG
Hol i kjelen bora med stegbor:
20160221_221525.JPG
Ein ring med Harris #8 og godt med flussmiddel. Avfetta først med raudsprit:
20160221_222530.JPG
Forsiktig varming så ikkje kjelen slår seg og blir bulka. Det er sikkert maks 0,5mm gods i botnen:
20160221_222713.JPG
Elementet på plass:
20160221_224233.JPG
Eg vurderar å sette i eit ekstra på 750W. Tippar det skal gå på ein 16A kurs. Det eg har på 3kw har eg målt til ca 2800W i praksis. Kansje det hadde gått med eit på 1000W til og med. Då kjøper eg eit nytt 3000W element på 8 fot samtidig. Sjølv om eg ikkje har hatt problem med sviing av vørter i den store kokekjelen med samme element så skadar det ikkje med mindre effekttettheit.

Ein liten utfordring eg går å grublar på er kva slags bein kjelen skal få. Kansje eg loddar fast tre muttrar på undersida og skrur fast tre bein av passe dimensjon i dei. Får tenke litt til.
 
Nokon har kansje lagt merke til at det ikkje er kuleventil etter pumpa for å regulere flow. Det er ikkje plass til det inni kjelen sjølvsagt. Så ein customløysning er fabrikert.

Røyret får hol i sida og gjenger innvendig (M16x1,5):
20160223_210942.JPG
20160223_211133.JPG
20160223_215237.JPG

Så ein ventil til å skru i toppen:
20160223_230838.JPG

Kappa av og fresa spor til skrutrekkar/mynt/stoppskive:
20160224_001723.JPG

Må eventuelt justere antalet hol i sida på røyret, no er det 4stk 4mm hol. Tilsammen omtrent halve arealet til utlåpet av pumpa. Skal teste men tippar eg borar fire hol til her.
 
Artig med tilgang til dreiebenk og fres. Mye kjekt man kan fikse da. Har selv en 9" south bend dreiebenk.
 
Tilbake
Topp