Eg har eit velfungerande 100l-bryggeri av tradisjonell type, fyrt med elektrisitet, koniske gjæringstankar med kjøling og trykkvakt, men med tre små i hus er det ikkje så ofte eg bryggar. Dei hundre literane varer jo ei stund og.
Eg har også eit kompaktbryggeri basert på ein Weck-kjele, men den har litt begrensingar i forhold til mengde ferdig vare og maltmengde.
Har lenge tengt å bygge eit kompaktbryggeri der 20-25l ferdig vare i både høg og låg OG er innan rekkevidde. Det betyr 40-ish liter kokekjele, 5-6kg+ meskekapasitet. Kjøpte ein 11gallon (trur eg?) Bayou Classic for eit par år sidan med tanke på dette. Den er perfekt i størrelse, har tilpassa silkorg og er rustfri.
Planen er omtrent slik:
-varmeelement i botnen, under silkorga. Minimum 3000w.
-resirkulering med pumpe, internt i kjelen. Litt som Speidel berre "rette" vegen.
-PID-styring av mesk.
-Variabel effektstyring av elementet under koking.
-Minst mogeleg laust dill som slangar, boksar og pumper. Det meste fastmontert under kjelen ala Speidel.
-For å kunne bruke silkorga må det meskepose til på grunn av dei store hola i botnen og oppover sidene.
Eit hol i senter for retur fra pumpa. Her blir det lodda i ein kobling med innvendige gjenger slik at det kan skruast i eit røyr inni kjelen som tek vørteren opp til toppen av mesken.
Holet ute langs kanten er til tappekranen og sugesida av pumpe. Her vil det og stikke opp ein PT-100 givar.
Røyret i senter med pålodda gjenger (hardlodd). Skal reingjerast og bli blankt og fint etter kvart.
Meir kjem!