Bygging av kompaktbryggeri.

Ja misunnelsen blir alltid stor når man ser maskineringsbildene fra protto.
Har også en benk men den er snart hundre år gammel og tung å jobbe med. VDF. Lagret med glidelager så den krever sin mann å tørne og så var det noen smartinger (les skoleungdommer uten tilsyn) som "ryddet" bort tverrsleiden og brilla. Brukte den senest for noen dager siden til å redusere diameteren på en 1/2" rørcoil som skal bli den nye dyppkjøleren. Dreiet først spor i plast/treruller med en 12mm akselbit påsveist i enden av en stålholder.
Gikk fint det men diameteren på coilen skulle bare ned til litt under ø400.
 
Ja det er kjempeartig med metallsløyd! Har laga masse morro på maskinene mine. Alt fra bryggerideler til gjenging av rifleløp :) (har faktsk to dreiebenkar... ;) )
 
Kjelen er ein slik: http://www.amazon.com/Bayou-Classic-1144-44-Quart-Stainless/dp/B000FTLY1K Huskar ikkje heilt kvar eg kjøpte den, men det var over dammen iallefall.
Pumpa er ei Iwaki MD-10 som eg fekk tak i billig på ebay for mange år sidan. Før det gjekk opp for folk at dei er ettertrakta bryggepumper, og prisen blir deretter. Ser ut til at ein kan få ei ny for rundt ein tusenlapp (+mva og diverse). Men ei pumpe som feks. http://www.ebay.com/itm/Brewing-Hom...hash=item210a5e3db0:m:mZ8l9X2zqp7DecKFEeUImiw -burde kunne fungere heilt fint.
 
Ja misunnelsen blir alltid stor når man ser maskineringsbildene fra protto.
Har også en benk men den er snart hundre år gammel og tung å jobbe med. VDF. Lagret med glidelager så den krever sin mann å tørne og så var det noen smartinger (les skoleungdommer uten tilsyn) som "ryddet" bort tverrsleiden og brilla. Brukte den senest for noen dager siden til å redusere diameteren på en 1/2" rørcoil som skal bli den nye dyppkjøleren. Dreiet først spor i plast/treruller med en 12mm akselbit påsveist i enden av en stålholder.
Gikk fint det men diameteren på coilen skulle bare ned til litt under ø400.
Er det ikke olje i glidelagrene da? Min har mange små smørekopper med veiker som leder olje inn til lagrene. Er også glidelagre på motoren så den er utrolig stillegående.
 
Jo det var nå olje der sist jeg åpnet lokket. Og den var like tung å tørene da jeg fikk den. Den er trolig ett nummer større enn den du viser på bildet. Har kanskje litt å si. Den siger ned i lagerleiene ble det sagt.
Tipper den tar ø550 over vangene og kanskje 2,5m lengde og veier ca 3,5tonn.
Var tung å få i hus kun med "håndamakt".
 
Fin den @TorfinnS !
@Forvirret , det er skikkeleg størrelse ja. Kan dreie nye hydraulikksynindarar til store gravemaskiner med den :)

Her er min. Overtok den for eit års tid sidan av ein gamal mann som måtte flutte til mindre bolig og dermed ikkje hadde plass (han hadde og ein strøken myford ML-7 som han tok med seg i leiligheita han flytta til). Det er ein Koreansk mid-80-tals modell med alt utstyr og bruksanvisning innbunden. Gamlingen viste å ta vare på den. Har stått på ein yrkesskule i Bergensorådet før det trur eg.
20150121_220233.jpg

Denne kom inn i bua og ut gjekk ein Sieg C6 som eg hadde i 10-12 år. Den er modifisert med VFD og tannreimdrift og funka bra. Men har ikkje gir for matehasigheit og finmating. Koreanaren har finmating på både vogn og tverrsleide, samt gir. Einaste gangen eg må skifte eit tannhjul er når eg skal bytte fra merisk til tommar på gjengematingen, kan leve med det.

Og så har eg ein liten fres. Kjøpt samtidig med forrige dreiebenk. Den er påmontert digital avlesning på alle tre aksar. Det er gull.

20160223_210912.jpg
 
Sidan nokon er litt over middels intressert i metallsløyd (meg sjølv inkludert) kan eg vise ein metode eg brukar for å maskinere gjenger i dreiebenken. Det består av ein roterande fres satt i verktøyholdaren. Sjølve fresestålet er av typen brukt i CNC-styrte markiner for å frese gjenger. Ein del fordelar her, ein kan kutte heile gjengeprofilen i eit pass, samme verktøy for innvendig og utvendige gjenger, links og rett.
Sjølve fresen står i ein collet-holdar og er dermed utskiftbar. Colletholdaren er oppladra med to kulelager i ei aluminiumsblokk som igjen blir festa i verktøyholdaren på dreiebenken. Batteridrill på full pupp driv fresen rundt.

Benken blir satt opp på vanleg måte med mating for den aktuelle gjengestigninga, og chucken blir dreia manuelt rundt med håndmakt. Set spindelgiret i nøytral så slepp eg å dreie med motor og reimar. Mategirkassen føl med likevel.

Det var slik eg laga M16x1,5mm gjengene i toppen av stigerøyret i kjelen, samt gjengene på skrua/ventilen/flowkontollduppeditten.

Under visar oppsettet, rett nok eit rifleløp som er kappa og blir gjenga for dempar men likt ellers.

20150523_125817r.JPG
20150523_130058r.JPG
20150523_132606.jpg

REDIGERT: Mitt innlegg nr 2500 handla altså om maskinering av gjenger i dreiebenk og hadde lite og ingenting med øl å gjere... ;)
 
Sist redigert:
http://www.shumatech.com/web/
Målestavane er standard "skyvelær-stav" som ein kan få i opp til ein meters lengde. Veit ikkje kor mykje kjøleveske dei toler, men er eigentleg imponert over holdmarheiten på dei. Har hatt mine på fresen i 10 år iallefall. Brukar ikkje kjøleveske men det blir jo ein del olje og spon likevel.
 
Har laga ein base av vannfast kryssfiner (kansje ikkje optimalt men lettvint) som er skrudd fast i kjelebotnen i tre pålodda muttrar.
Så er det heile kledd med 5mm HDPE som er overliggar fra eit anna prosjekt.

Fant ein "viltpose" som passa perfekt oppi meskekorga. Denne må prøvast. Trur den er av nylon. Pga returrøyret i senter må posen ha hol i botn. Må lage ei slags "lukkemuskel" her. Inspirert av naturen :)

20160226_155527.jpg 20160226_221412.jpg 20160312_210257.jpg
Då blir det montering av PID og SSR og brytarar osv. Litt andre ting på gang og dom whirlpoolrøyr og liknande. Og så må den få ein passande dyppkjølar. Og eg som nesten er tom for røyr... Røyrvalsaren er på utlån og.
 
Etter litt lang tid utan framgang har eg kome så langt at eg har fått testa denne saken. Det gjekk stort sett bra, nokre få småting som må ordnast berre.
Viltposane til Biltema fungerar veldig bra som meskepose. Overraskande bra syns eg! Fordi eg har stigerøyr mitt i kjelen må posen ha eit hol i midten. Bekymringen var at det vil ramle ut malt når eg løftar ut innerkjelen etter endt mesking. Det gjekk over all forventning, ikkje eit einaste rusk havna i vørteren :)

Dagens brygg var omtrent slik:
5kg palemalt
110g caramunich
110g caramalt TF
220g carapils
Meska inn med 25l vatn på 70 grader, satte mesketemp til 66.
Rørte ut malten, starta resirkuleringa.
Det er ganske tynn mesk men jod-test viste full konvertering etter vel ein halv time.
Køyrde utmesk på 78 grader etter ein time på 66, det gjekk temmeleg kjapt å auke tempen. PID'en var autotuna på førehand med vatn og klarde seg veldig bra. Ser ingen grunn til å forandra på noko.
Løfta opp maltkorga og hengde den opp i krok i taket. Botnen på korga er frotsatt litt nedanfor kanten på kjelen så stigerøyret stikk så vidt oppi holet sitt.
Helte over 8l varmt vatn rett fra springen, ca 55 grader. Helte sakte i to omgangar 4+4liter. Samtidig endra setpinkt på PID'en til rett over kokepunktet.
Når avrenningen var ferdig løfta eg vekk maltkorga og satte den i ei bøtte.
Vørteren koka få minutt etterpå.
Fekk litt kraftig kok, PID viste ca 98grader så eg stilte ned setpunktet til 98. Dette redusert kokingen litt men kjem kansje til å mekke til effektkontroll i tillegg for bedre kontroll på intensiteten. Kokte vekk ca 6 liter på ein time. Dette kunne vore redusert til halvparten. Til tross for heftig kok klarte eg ikkje å koke over :) Fint med litt skikkeleg volum på kjelen (den er 44 quart).
Under kjøling satte eg på ein "dings" på toppen av stigerøyret slik at det lagar seg ein liten whirlpool, køyrde då pumpa på full guff. Under mesk strupa eg flowen litt med den skrua som er vist tidlegare i tråden. Det er ingen problem med flow gjennom Biltema sin meskepose, mesken var laus og fin heile tida.
20170111_140359.jpg
20170111_140707.jpg
 
Fekk forresten 22l OG 1,062. Det skulle bli ca 80% effektivitet. Tilsatte 3liter vatn då eg sikta på litt lågare OG samt litt meir volum.
 
Kult prosjekt og gratulerer med flott resultat.
Du nevner at viltposene kan benyttes selv med rør i midten, anslår du at noe slikt også kunne fungert i en Speidel med pinnen i midten? Kunne ha gitt litt alternativer uten maltrør om så var tilfelle.
 
Kunne ha gitt litt alternativer uten maltrør om så var tilfelle.

Det hadde vært noe, men det spørs hvordan det går når du løfter posen uten støtten fra et maltrør, som protto bruker. Trykket mot åpningen vil kanskje bli høyere.
Mulig det går bra uten at så mye malt faller ut, stanga vil også tette når man løfter posen, helt til stanga tar slutt, men da er det kanskje mulig å få tettet hullet, eller holde noe under.

Et annet problem er at posen blir liggende på varmeelementene, måtte i tilfelle hatt en falskbunn.
 
Tilbake
Topp