Etter litt lang tid utan framgang har eg kome så langt at eg har fått testa denne saken. Det gjekk stort sett bra, nokre få småting som må ordnast berre.
Viltposane til Biltema fungerar veldig bra som meskepose. Overraskande bra syns eg! Fordi eg har stigerøyr mitt i kjelen må posen ha eit hol i midten. Bekymringen var at det vil ramle ut malt når eg løftar ut innerkjelen etter endt mesking. Det gjekk over all forventning, ikkje eit einaste rusk havna i vørteren
Dagens brygg var omtrent slik:
5kg palemalt
110g caramunich
110g caramalt TF
220g carapils
Meska inn med 25l vatn på 70 grader, satte mesketemp til 66.
Rørte ut malten, starta resirkuleringa.
Det er ganske tynn mesk men jod-test viste full konvertering etter vel ein halv time.
Køyrde utmesk på 78 grader etter ein time på 66, det gjekk temmeleg kjapt å auke tempen. PID'en var autotuna på førehand med vatn og klarde seg veldig bra. Ser ingen grunn til å forandra på noko.
Løfta opp maltkorga og hengde den opp i krok i taket. Botnen på korga er frotsatt litt nedanfor kanten på kjelen så stigerøyret stikk så vidt oppi holet sitt.
Helte over 8l varmt vatn rett fra springen, ca 55 grader. Helte sakte i to omgangar 4+4liter. Samtidig endra setpinkt på PID'en til rett over kokepunktet.
Når avrenningen var ferdig løfta eg vekk maltkorga og satte den i ei bøtte.
Vørteren koka få minutt etterpå.
Fekk litt kraftig kok, PID viste ca 98grader så eg stilte ned setpunktet til 98. Dette redusert kokingen litt men kjem kansje til å mekke til effektkontroll i tillegg for bedre kontroll på intensiteten. Kokte vekk ca 6 liter på ein time. Dette kunne vore redusert til halvparten. Til tross for heftig kok klarte eg ikkje å koke over

Fint med litt skikkeleg volum på kjelen (den er 44 quart).
Under kjøling satte eg på ein "dings" på toppen av stigerøyret slik at det lagar seg ein liten whirlpool, køyrde då pumpa på full guff. Under mesk strupa eg flowen litt med den skrua som er vist tidlegare i tråden. Det er ingen problem med flow gjennom Biltema sin meskepose, mesken var laus og fin heile tida.
