Søkeresultater

  1. O

    Nytt forsøk på øl med ingefær

    Takk for tips! Kan godt vera det blir utan sitrongras då ja
  2. O

    Nytt forsøk på øl med ingefær

    Nokon formeiningar om eit øl laust basert på malt og gjær til tysk kveiteøl, men med litt generøse mengder med rive ingefær og kanskje sitrongras i, ikkje skulle bli godt? Dersom ein likar ingefær då .. viss du ikkje likar det så er eg antakeleg ikkje ute etter meininga di Eg har frå før...
  3. O

    Humle(kombo) furunål preg (east coast) ipa

    Takk for gode og interessante svar ! Kjekt med referansar til kjente øl og oppskrifter som «smakar godt» når ein skal prøva seg på noko nytt. Er vel dei færraste som blir imponert når dei smakar på noko og beskrivande smakar blir kattapiss og såpevatn .:-) Tippar eg kjem til å gå for litt lågare...
  4. O

    Brygging utendørs

    Eg brukar kjøleboks til mesking og syns det er heilt supert! Dersom eg treng justera temperatur undervegs i mesking så tappar eg av nokre liter av mesken og kokar opp i ei mindre gryta (4 liter) på ei berbar induksjonsplata. Du finn fort ut kor mykje du må varma opp for å justera temperatur og...
  5. O

    Humle(kombo) furunål preg (east coast) ipa

    Noko av dei beste luktene / smakane eg veit er den lukta du får når du knekk nye furuskot om våren og den lukta dei har. Eller den smaken mangoen avogtil har heilt inntil stilken, når den smakar skikkeleg «furu» på ein måte. Det hadde vore utruleg kult å lukkast med å få fram noko liknande smak-...
  6. O

    Malt i kald vann

    Du vil jo få nokre ganske drøye proteinsteg som ikkje nødvendigvis er bra for skumfastheten. Vørteren vil vel og bli ganske gjærbar, sidan den får god tid på låg temperatur. For ein del øltypar så kan dette sikkert gå fint, men for øl der du ikkje ynskjer lågast mogeleg fg så trur ikkje eg at...
  7. O

    Brygge-nyttårsforsetter 2022

    Godt nytt bryggeår I år skal eg prøva meg på å brygga opp eit godt lager med pils / lys lager nå medan springvatnet er kaldt nok til å få kjølt ned vørteren innan akseptable tidsrammer. Var i fjor haust med kona til lom og omvisning på Lom bryggeri. Fekk der smaka på eit øl som heiter...
  8. O

    Ukarbonert øl

    Flaska ein trippel på 9,5 % som brukte sikkert eit par månadar på å få kolsyre. Dette er uansett eit øl som godt kan stå lenge og toler lagring så du har god tid .
  9. O

    Litt tips og triks mottas

    Ingenting å skamma seg for . Me er mange som skulle ha skamma seg ein gong og to då. dette er sikkert ikkje noko nytt men: Lag alt til på førehand slik at du ikkje spring rundt på bryggedagen som ei forvirra høne og berre stressar. Blir ikkje noko koseleg brygging av dette. Lag deg ein...
  10. O

    Litt tips og triks mottas

    Endar du med altfor høg OG etter kok så kan du vurdera å etterfylla litt vatn i kjelen eller på gjæringskaret, viss du då ikkje har lyst på eit øl på vel 8 % då .. Det er litt verre andre vegen, dersom du får for låg OG og må styra med å tilsetta sukker eller maltekstrakt.
  11. O

    Ingefærøl. Koketid og smaksutvikling

    Gode erfaringar og råd som er til hjelp for alle andre som har lyst til å prøva sjølv . bra innspel
  12. O

    Ingefærøl. Koketid og smaksutvikling

    Etter ca halvanna månad på flaske i kjøleskap så vil eg nesten strekka meg til å seia at denne er blitt ganske bra! Samanlikna med "ingefærøl" som ein kjøper så er min noko tørrare, men det treng vel ikkje vera negativt.. Kjem vel an på kva forventningar ein har før ein smakar. Forventar ein...
  13. O

    Jakta på den beste pilsen / lyse lageren

    Takk for ei skikkeleg grundig oppskrift med dine synspunkt og relevante målingar frå bryggeprosessen. Fekk noko å ta med meg vidare . For eksempel å ha ein skvett vørter i startaren for å få rørt opp all gjæren i kolben var jo kjempelurt ! Aldri tenkt på å justera ph etter at vørteren har kome i...
  14. O

    Jakta på den beste pilsen / lyse lageren

    Det eg meinte er at eg berre skyller ein gong (batch sparge). Når eg har ca 34 liter volum før kok så har eg typisk 21-22 liter i mesk og skyller ein gong for å få planlagt volum før kok. Før skylte eg to gonger for å få mest mogeleg utbyte, men så målte eg nokre gonger sg etter mesk, og i dei...
  15. O

    Jakta på den beste pilsen / lyse lageren

    Ikkje i seinare tid.. Så har vel ikkje heilt grunnlag for å meina noko her. Kanskje vore verdt å prøva tørrgjær neste gong. Sikkert mogeleg å danna seg nokre meiningar om helsa til gjærstartarane mine dersom eg hadde brukt tørrgjær og samanlikna gjæringsforløpa..
  16. O

    Jakta på den beste pilsen / lyse lageren

    Takk for mange gode tilbakemeldingar :)
  17. O

    Jakta på den beste pilsen / lyse lageren

    Det var dette med å få til den beste pilsen / lyse lageren du kan få til å laga.. Kanskje blir ein så sjølvkritisk til eige brygg etter kvart at ein strengt tatt ikkje er i stand til å faktisk erkjenna at du har fått det til, eller så er det eit uoppnåeleg mål. Men det er jo greit å ha noko å...
  18. O

    Forsøk med veldig bløtt vann

    Forslag som du kanskje har prøvd før allereie: For eit seinare lagerbrygg, kva med å ofra eit gammalt gjæringskar og montera ein thermowell i? Så har du utedelen av ein digital temperaturmålar som loggar maks og min temperatur og får sett om det blir så høg temperatur under stormgjæringa i karet...
  19. O

    Ingefærøl. Koketid og smaksutvikling

    Karboneringstest og smaksprøve . fin ingefærsmak når du får ein slurk i munnen og ein svak varmande følelse av ingefær i munnen når ein svelgjer ned. Veldig nøgd foreløpig, men skulle gjerne hatt berre bittelitt meir av alt (ingefær). den kjem kanskje litt tydelegare fram når ølet får stått...
  20. O

    Ingefærøl. Koketid og smaksutvikling

    Takk for input ! Eg enda opp med dette: 500 g rive ingefær, 60 min 150 g rive ingefær, 20 min. prøvesmaking då eg flaska smakte godt av ingefær, men kunne sikkert ha smaka «meir». Ikkje brennande i munnen, berre eit lite «bitt». Ei veke til så blir det prøvesmaking og karboneringstest. Spent på...
Tilbake
Topp