• Bruk prefiks-funksjonen når du oppretter nye poster i dette forumet.

Solgt/Kjøpt 30 L kjele med 3 kw varmelement og PID

katla

Dette er ein kjele (vannkokar) som eg i si tid brukte som bryggemaskin før eg kjøpte Speidel. Det er ein Burco MFCT30ST. Den har såvidt eg hugsar element på 3 KW

Eg har tatt bort kranen som var på den og montert krane med gjennomføring i botnen av den.

Alt originalelektrisk som termostat, overopphetingssikring er røska bort og i staden har er det montert ein PID-kontrollar og så er det RTD PT100 temperatursensor som er montert i botnen. Varmeelementet står der også framleis. Det har også vore ein 25 A SSR i den men den manglar no - så den må ein ha for å gjera kjelen komplett. Ein bør vera elektrokyndig for å ferdigstilla den med SSR.

PID kontrollar er ein Auberins SYL-2362. Sensor er også frå Auberins.

Første som vil gje 900 kr for den får den. (makspris)

Ellers kan du by det du vil gje for den fram til klokka 20.00 på onsdag 30.11.

Bud i denne tråden.

Kan sendast i post men kjøpar må då betala forsendelseskostnader i tillegg til bud. Kjøpar har også risikoen for skader ved frakt.

For å komplettera salgsannonsa slik at den er i tråd med vedtektene: minste pris er sett til 300 kr.
Kjelen er på 30 liter. Varmeelementet er utskiftbart.

(Eg brukar sjølv ein heilt lik kjele til å varma skyllevatn til min Speidel 50).

20161129_201722.jpg 20161129_201716.jpg 20161129_201520.jpg 20161129_201458.jpg 20161129_201450.jpg
 
Sist redigert:
og foresten, ikkje for å vera stygg, men kablininga i botten der såg ut som nåke som ISIL har laga forheilt andre ting enn å brygja øl... ;)
 
og foresten, ikkje for å vera stygg, men kablininga i botten der såg ut som nåke som ISIL har laga forheilt andre ting enn å brygja øl... ;)

Eg mistenkjer vel at dei ovannevnte ikkje bryggjer noko særleg øl - for deira religion forbyr vel dette.

Personleg trur eg kanskje at det kanskje hadde vore bra om dei ikkje hadde dette religiøse forbodet - så kunne dei heller slappa av med eit godt glas øl framfor å virra rundt med Kalasjnikovar og anna skit dei balar med. Ein kan få mykje god filosofi utav øl og då gjerne filosofi som ikkje er nedfelt som strenge moralske peikefingrar i eit eller anna heller tilfeldig skrift og mi erfaring er at kvaliteten på filosoferinga aukar proporsjonalt med inntaket - opp til eit visst nivå iallefall.:)

Men det var litt avsporing frå salgstråden - men sidan det er min tråd kan eg kanskje gjera det utan å bli stilt til veggs.
 
Fin kjele og fin filosofi. Eg treng ikkje kjelen, men kan hygga meg med tankane:).
 
Blir du ikke kvitt den kan jeg by deg 300 for den.
Bryr du deg tar du den med en gang du skal sørover?
 
Tilbake
Topp