Bunnfallet løsner og flyter opp

De som har no prøvd så mykje: Pga nødvendige prioriteringar har eg hatt litt øl på 1,5 liters pet. Sette ei i frysen før eg demonterte bakhjulet på sykkelen til ØKH og tenkte eg skulle kunna nyta eit par velfortente glas etterpå. Ein time i frysen blei det, og helt passeleg kjellartemperert. Då eg opna forsiktig fekk eg eit glas av flaska. Men før eg fekk på korken igjen så kom botnfallet opp med imponerande fart. No har eg nytt det eine glaset, som var veldig godt.og så har eg lyst på eitt til, men US05en er ikkje så god på smak. Nokre av dei øla eg har hatt på store flasker har hatt denne eigenskapen, andre ikkje. Problemet er størst på halvannanliterar, halvliterar har mykje mindre av det. Ølet var forøvrig 90% PiMa, 6% brunmalt og litt kveitemalt, US 05 og Columbus på tre tilsetningar, 35-40 IBU, OG 1062 FG 1016, dvs. ganske fyldig og smaksrikt. Det har stått ein månad eller så på flasker. Finst det råd for slikt?
 
Jeg vil gjette på at ølet er litt overkarbonert. Bruk litt mindre sukker til karbonering. Søk etter «carbonation calculator» i Google for å finne en måte å beregne sånn noenlunde rett mengde. Når det er sagt, så vil gjæren alltid virvles litt opp når du heller, så det kan være lurt å dekantere over på noe annet når du bruker så store flasker.
 
Takkar for svar. Eg opplever ølet som passeleg karbonert til tross for at det fekk 9g/l. Dei få karboneringskalkulatorane eg har testa har gitt meg litt mindre kolsyra enn forventa samanlikna med kjøpeøl. Kan henda dei reknar med meir residual CO2 enn det eg faktisk har.
 
9 g/l høres veldig mye ut. Husk at det er vanlig med betydelig mindre kullsyre i flaskemodnet ale enn i norsk butikkpils.
 
Tilbake
Topp