Førde og omland ølklubb

Velkommen til ølklubben i Førde og omland. Stifta 15. oktober 2014.

Klubben skal vere arrangør og pådrivar og arrangør i arrangement der øl har hovudfokus. Det kan vere kurs i ølbrygging, ølsmakekurs, dommerkurs, mat og øl-kurs, klubbkveldar, temakveldar, ølfestivalar, konkurransar osv...

Klubben er open for alle som har interesse av smaken av godt øl. Ein treng ikkje bryggje eige øl for å vere medlem av klubben.

Det kostar 250.- pr år og vere medlem. For dette får ein delta på arrangement i regi av klubben, fordelar på pris ved arrangement og kjøp av utstyr og råvarer. For å melde deg inn sender du ein epost til forde.olklubb@gmail.com

Førde og omland ølklubb er tilknytta NORBRYGG og vi oppmodar alle medlemmer om også å vere medlem i NORBRYGG.
 
Tilbake
Topp