Kent Quick Connections, hva er dette?

Ja bruker gjæringsbøtter, kran på flaskebøtta og gjærlås i plast så det er ingenting feil med det
 
jan ivar skrev:
Ja bruker gjæringsbøtter, kran på flaskebøtta og gjærlås i plast så det er ingenting feil med det

Eg er ikkje akkurat ekspert på plast - men litt har eg etter kvart plukka opp.  

Gjæringsbøtter funkar vel greit - det same gjer næringsmiddelsikker PVC - så lenge temperaturen ikkje er høg.  I gjøringsbøttene dine er vel tempen stort sett under 25 grader.   I tillegg til temperatur så kan vel også det at vørter er litt sur vera noko som kan påverka stoff vørter er i kontakt med.

March pumpene - som mange brukar - har eit pumpehovud i plast ( vel - dei som har type-koden PL).    Plast-typen som er brukt der heiter Polysulfone og den er næringsmidelgodkjent for høg temperatur.  Det same er plastslangar i silikon - dei tåler også høg temperatur utan at dei gjev frå seg ting vi ikkje vil ha i oss.   Polysulfone er svært kostbart - ein del plasttypar er faktisk svært så kostbare - men så har dei også god funksjon til mange ting.    Det er mange hurtigkoplingar i polysulfone i små storleikar - dei vert brukt innan medisin/sjukehus.    På same måte finn du spesialutgåver av silikonslangar som vi bryggjarar bruker -   som eg synes å hugsar er kalla "platina cured" som vert brukt innan medisin.     Du finn også hurtigkoplingar i Polysulfone - som vi som bryggjer godt kunne ha brukt - men dei kostar omtrent det same som rustfritt stål.  

Eg har for min del satsa på hurtigkoplingar i rustfritt stål og eg har valgt camlock koplingar - dei er greie å arbeida med når dei er blitt varme sidan utløysar på dei heng på sidene og ikkje blir så veldig varme.
 
Fossdal skrev:
Ja vi venter på den nettbutikken din, Katla - nå er det "etter påske"  ;)

Enig - det har dratt litt ut all den tid planen var før påske.  Men  eg er softwareutviklar av hovudyrke og vi har kanskje ein tendens til å ha ei heller stor tru på eigne evner til å levera noko og imorgon kan av og til vera neste veke..  ;)

Har slite litt med å få inn varer - koppar og rustfritt til kjølar kom for 5 veker sidan men så hadde leverandøren rota og sendt meg berre halvparten av koblingen eg skulle bruka.  Nytt forsøk.  2 veker etterpå kom den andre halvparten.  Men den var feil - og det viste seg at den første eg fekk var feil også (har godt med koblingar for 1/2" rør no) og dermed ny runde.  Men no i veka kom endeleg komplett sett av begge delar så no er det andre bollar på kjølarfronten og omtrent alle varer er på plass - dei siste kjem idag.  Fotografering. Redigering.  (du vil få fleire bilete av kvar del i høg oppløysing). Oppdatering av nettsider og utvikling av eigen programvare for nettbutikk. 

Og så oppdaga eg for nokre veker sidan at dei gjennomføringane eg hadde tenkt å bruka var elendige og dei ville eg ikkje selja.  Derfor har eg fått ei anna bedrift til å  produsera  gjennomføringar for meg som kanskje er under maskinering "as we speak" og sidan det er litt volum og maskinane må kjørast først på eine sida og så på andre sida - så går det nokre dagar å få laga dei (og oljebransjen går jo godt så å få kapasitet til slikt som for dei er småarbeid er ikkje berre berre…). Og silplatene mine tok også lang tid å få ferdige - men no er dei klare.
 
Gleder meg vilt til siden er oppe å går. Sikter på å være første betalende kunde (slik jeg var med Vestbrygg  ;D).
Kommer du til å ta i bruk Paypal?
 
Aleksander87 skrev:
Gleder meg vilt til siden er oppe å går. Sikter på å være første betalende kunde (slik jeg var med Vestbrygg).
Kommer du til å ta i bruk Paypal?

Eg får nok ikkje integrert Paypal betaling i første omgang - men firma har Paypal konto så då går del vel å betale over den får ein tru (?). 

Ein del av produkta eg vil ha kan du sjølv påverka korleis du vil ha dei  - f.eks. kor du vil eg skal laga hol i kjelane (om då ikkje vil gjera det sjølv). 

Du vert nok ikkje den første kunden.  Eg har nok alt levert utstyr til dei som ikkje har villa venta på nettbutikken og det er også nokon som har førehandsbestilt utan at dei har pressa på for å få varer. 

Men kanskje du vert første gjennom nettbutikken? 

No håper eg at du ikkje har altfor høge tankar om eit enormt vareutvalg - husk at eg satsar på kjelar og utstyr rundt dei så her er mykje rustfrie rørdippeduttar og ikkje malt og gjær.    Men det vert vel ei eller fleire overraskingar også for dei som handlar.  Og om eg får kundar så utvidar eg vareutvalet etter kvart - berre idag er det komt til fleire nye produkt som eg ikkje hadde planlagt.  Og om du treng noko innan rørdelar som eg ikkje har i nettbutikken  - så skal eg skaffa det til deg om det er mogleg å finna. 

Kjelar har eg godt meg - det er 100+ på lager så det går eg neppe tom for med det første  -  Ein del andre produkt er det ikkje så godt om så om pågangen vert stor kan det bli litt leveringstid dersom du er uheldig og treff på eit av dei produkta det er ikkje er hundrevis av og som det tek tid å få inn igjen - og - om det blir mange som vil ha kjelar som krev tilpasningar kan det gå litt tid med leveranse.    Og eg gler meg sjølv til å sjå resultatet av dei 2 typane gjennomføringane eg har utvikla og som no vert produsert - dei er sikkert bling-blanke  når dei kjem ut av dreiebenkane - kanskje alt i morgon? 
 
Synes det er veldig bra at du har det utvalget du har, og håper dere vil leve side ved side av Vestbrygg til det beste for begge to!  :ilike:
 
Tilbake
Topp