Krane for å styra avtapping?

Eg meiska meg ei panna med vørter hin kvelden, kjøleboks med rustfri, fletta Tess-strømpa tredd utanpå noko pex-rørgreier og ut med hevertprinsippet. Det er første gangen eg prøver med flettastrømpa, og det er vel mitt fjerde eller femte maltbrygg. Strømpa silte heilt suverent. Men eg hadde ikkje tenkt godt nok gjennom korleis eg skulle styra farten. Eg hadde ei limklemma på slangen (Klarsil 16mm), men den vart for liten. Det vart armar og bein og eit utbyte på usle 60%. Veit de garva bryggjerisnikkarar om ein liten genistrek til å ha på slangen, ein slags krane eller ventil eller noko? Eg var og leita på Biltema, men fann ikkje nokon umiddelbart innlysande løysing...
 
Jeg avslutter med et passende langt kobberrør på enden av slagen. Plasserer en kuleventil i overgangen, med slangenippel og klemringskobling. Veldig praktisk med et rør som rekker fra bunn til kanten av karet.
 
Kopar er sikkert best, men eg har ei vesal stigerøyr i pex, går nok for 13mm hevertkrane, akkurat det eg såg etter. Tusen takk for tips!
 
Tilbake
Topp