Lite øl

EndreS

Norbrygg-medlem
Hei.

Med fare for å bli frosse ut av norges største hjemme brygger forum før jeg i det hele tatt har kommet i gang må jeg spørre om dette for å kanskje øke WAF'en i heimen.
Hvordan lager man "lite øl". Altså litt/kalorifattig øl?
:roedme:

Endre
 
Det er vel mogleg denne bloggen gjev eit godt synspunkt på omgrepet LITE:
http://godtiglasset.wordpress.com/tag/kalorifattig-ol/
For å halda det i det humoristiske hjørnet denne fredagen - så kan eg foreslår  fleire strategiar på å oppnå "WAF" på dette området:

a) Merkevarestrategien.  Fritt tolka er merkevarer varer som er merka med noko.  Så om du tar noko av ein batch med øl og merkar etiketten med LITE så plar det gjera effekta reint psykisk.  Eg mistenkjer sterkt at dei store bryggeria har brukt denne strategien når dei i si tid starta å lansera  variantar av pilsner - først var del vel ICE og så kom vel Sommarøl og Påskeøl - ja eg lurer jo på om det ikkje er nokon som heiter Double Ice idag.  Eg har for min del lenge mistenkt dei for at det er same brygget. 

Om ein brukar denne strategien i "WAF" samanheng kan det vera lurt å vera god til å halda ansiktet og ikkje minst gjera det heilt klart at ein ikkje har utstyr til rådvelde for å måla slikt slik at det er vanskeleg å dokumentera nett kor LITE ølet er. 

Heldigvis er det også slik at slik merking gjer at den opplevde smaken er forskjellig om nokon tilfeldigvis skulle vilja smaka på det ølet du drikk for å samanlikna det.

b) Halvsanning:  Om ein karbonerar på flaske blir det vel eit snev LITE om ein f.eks. berre brukar ein tredjedel så mykje sukker på nokre flasker og merkar den med LITE.  Her lyg ein jo ikkje.

c) Kvantitet.  I staden for å bruka halvlitersflasker a la Haandbryggeriet og Nøgne Ø kan ein jo ha ølet på dei små flaskene som Lervig brukar.  Då er det iallefall LITE på sin måte.  Kombinerar ein det med b) er det ekstra lite.

d) Ompakking:  Ein kan f.eks. - ein kveld ein er rimeleg trygg på at ein ikkje vert observert av nokon andre Norbrygg-medlemmar  - kjøpa nokre boksar med eit av dei industrilaga LITE produkta og så tappa det over på eigne flasker.  Då er det iallefall LITE.  Her kan ein i tillegg stela med seg det som er av dokumentasjon frå produsenten med omsyn til kor LITE det er.  Om ein har i ein liten humlepellets skadar det ikkje - det gjev autentisitet for at ein har laga det sjølv og endrar også smakskarakteren til skyllevatnet.

e) Laga øl med lågare OG.  Her er eg vel i ferd med å bli seriøs fryktar eg.    :)
 
Gjør som Grans: Bruk lite malt, mesk lavt og lenge, få lav OG, få lav FG.

Eksempel på en fyldig øl: OG 1.050 - FG 1.012 = 0.038 * K=131 = 5% ABV

Eksempel på en "Lite" øl: OG 1.044 - FG 1.006 = 0.038 * K=131 = 5% ABV

EDIT: Ca. Kaloriinnhold kan du se ved å bruke fks. Beertools til modellering
 
katla skrev:
c) Kvantitet.  I staden for å bruka halvlitersflasker a la Haandbryggeriet og Nøgne Ø kan ein jo ha ølet på dei små flaskene som Lervig brukar.   Då er det iallefall LITE på sin måte.  Kombinerar ein det med b) er det ekstra lite.
Bryggselv har salg på bittesmå flasker.. Tapper du ølet på disse blir det veldig LITE øl i hver.  :jaha:
 
Takk for svarene.

Tror jeg prøver på katlas strategi a de første batchene kombinert med noen små flasker, så får vi se om vil vil prøve å lage et "ekte" lite øl en gang i fremtiden.

Skal også sjekke ut BeerTools. Er jo en nerd, så alle programmer som dette må testes.

Endre
 
Eventuelt kan du lage smakfulle men alkoholfattige øl som f.eks. engelsk mild og ordinary bitter. De har typisk et alkoholinnhold på 3,2-4 %, men smaker betydelig mye mer enn typiske light-øl i amerikansk industritradisjon.
 
Tilbake
Topp