Hei.
Smakte på mitt aller første brygg i går kveld, samtidig som eg målte foreløpig FG. Smaken var god, om enn litt i det syrlege området. Men ikkje noko surare enn enkelte litt spesielle øl ein får kjøpt på polet.
Då eg brygga ølet forrige onsdag målte eg OG til 1.060. Dette var ein del høgare enn kva den egentlig skulle bli, men det trur eg var fordi eg var litt kjapp i vendinga og ikkje toppa brygget med litt ekstra vatn før eg begynte kokinga. Trur eg lot skyllinga av mesken vare litt for lenge, for den begynte å miste fargen før eg fekk skylt gjennom alt vatnet så då lot eg vere å skylle meir. Og så gløymte eg som sagt å fylle opp med meir vatn, så eg endte opp med 15 liter brygg istadenfor 20 liter. Så det trur eg kan forklare den høge OG'en.
Då eg så målte foreløpig FG i går kveld, målte eg den til 0.997 noko som eg synst var veldig lavt. Ølet var som sagt godt på smak, så vil det seie at det allerede (i går var det gått 6 dagar) er ferdig gjæra?
(Til opplysning har eg brukt Wyeast Activator flytande ølgjær som eg hadde rett i gjæringsbøtta etter at pakken hadde blåst seg opp). Det begynte å ploppe i gjærlåsen før det var gått eit døgn. No har det ikkje ploppa sidan søndag iallfall men det har eg lest kan vere at er fordi lokket på bøtta ikkje er skikkeleg tett.
Vil det då gå greit å tappe det på flaske no? Skulle tru at det er ferdig gjæra no sidan FG er så lav, men eg har ikkje lyst å risikere flygande glasskår over heile leiligheten heller.
Tenkte å bruke hevert til å tappe det over på meskebøtta mi (sidan den har kran i sida) og blande ut brygget med sukker der. Og så tappe det på flasker frå meskebøtta like etterpå. Høres det ut som ein grei framgongsmåte?
Frode