Overgang til bad-spring for kjølespiral

ADale

Norbrygg-medlem
Hvordan skal jeg koble springen til slangen som går inn i kjølespiralen? Skal jeg bruke en klemme? Hva slags type slange skal jeg bruke? Kan jeg bruke noe de selger på Biltema? Jeg bruker kjølespiralen som følger med Beer Brew 60.
 
Det er fleire mulighetar og det er også fleire typar kjøkkenkranar med forskjellige tilkoblingar framme i tuten (der det ofte er ein silordning).

Gardena har smarte løysingar som passar mange kranar - og du finn også mykje smart på Biltema. Lurt å skru av det fremste på springen din og ta den med så finn du nok ein overgang som passar i denne (vel - det er ikkje populært å opna pakkar på Biltema men det må vi jo av og til gjera om vi skal vera sikre på at det passar). Søk på overgangsnipler på biltema og du finn overgangar mellom det du har i springen din og vanleg rørgjenger (som f.eks. er vanleg på Gardena-systemet). Du finn også noko gardenaliknande delar på Biltema men ikkje den smartaste krankoblinga.

Akkurat kva du skal bruka på BB60 kjølespiralen skal eg ikkje gå inn på - den kjenner eg ikkje.
 
ja, ok. Men gjelder det samme for bad-springer? Du skriver om kjøkken-springer.
 
Det fins veldig mange typar kraner så sjekk om det ikkje er noko du kan skru av der - nokon ganger er det skrudd innvendig i springen. Om du er på badet så har du også ofte ein dusj og normalt sett er det vanleg 1/2" kobling på dusjslangen på eit dusjbatteri. Det er vel også eit alternativ?
 
ja, det var lurt. Er en dusj slange der. Da gjenstår bare overgangen til kjølespiralen og å finne en slange som begge overganger passer...
 
Tilbake
Topp