Problemer med å få WLP 500 Trappist ale yeast til å starte

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Brygga 11-liters BIAB Abbey singel seint å går kveld. OG 1.050. Pitcha 2 stykk 1-mnd gamle rør direkte i karet (ingen starter, etter MrMalty skulle eg brukt 1,7 rør) etter å ha oksygenert i eit knapt minutt. Etter 20 timar er det ingen synleg krausen.

Ser av tråd på TastyBrew.com at nokon har erfaring med at det kan ta 36-48 timar før ein registrerer krausen på denne gjæra når ein starter gjæring på 18-19 grader. Kva erfaringar har andre? Bør eg RDWHAHB? Pitche litt T-58 i morgon tidleg dersom ingen synleg gjæring ha starta? Bestille ny gjær for sending i posten? (Ja, eg har prøvd å skake på karet for å få gjæra i suspensjon med vørteren. Det burde vere lett for WLP 500 er ein dårleg flokkulator.)
 
Hm, gjæren er det ingenting gale med. To røyr som er ein mnd gamal er bra for 11 liter. Forstår desse vart helt i ved 18-19 grader? Er gjæringskaret tett?
 
Min erfaring med denne er at det tar tid før det blir noe aktivitet, har selv ventet utålmodig på denne  :jaha:
Men gi den et døgn til!  :yes:
 
Hvorfor i alverden skal du pitche annen gjær når all erfaring på nett tilsier at ting tar tid. Bare sett deg ned og ta det med ro. Har brygget med denne gjæren selv og det tar faktisk litt tid før det skjer noe.
Har vel aldri opplevd noen gjør som er helt død i fra butikken.
 
Takk for tilbakemeldingane!

Det kan vere at denne skulle vore posta under tråden for bryggetabber, for nærare midnatt (45 timar etter pitching av gjær i 18 graders vørter) hadde eg ikkje tolmod til å vente lenger, så då tilsette eg ein dose tørrgjær T-58 etter MrMalty. Om dette var fullstendig feil eller komplett korrekt får eg aldri vite, men no gjærer i alle fall vørteren. Det eg tek med av lærdom er: lag alltid startar! Uansett.
 
FrodeSy skrev:

Det er nok alikevel lurt å lage starter, men du må ikke gjøre det. I ditt tilfelle så tror jeg nok heller at du har vært litt utålmodig  ;)

Men det blir sikkert godt øl lell.
 
Har sjølv brygga eindel med WLP500 og aldri opplevd at det har teke meir enn 12 timar før aktivitet i gjærlåsen. Finn det difor litt underleg at denne reknast å vera treg.
 
kintii skrev:
Det er nok alikevel lurt å lage starter, men du må ikke gjøre det. I ditt tilfelle så tror jeg nok heller at du har vært litt utålmodig  ;)

Som byråkrat tek eg dette som eit kompliment  :D
 
Frå ein byråkrat til ein annan. Dropp den tunge starter-rutina, og kjøp heller meir gjær. Gjer ting kjapt og enkelt. Sjølv nyttar eg alltid 2 ferske WLP-røyr i mine 25l-brygg (1.060-1.080), og det gjærar ned til 1.010-1.020 kvar gong.
 
amatøren skrev:

He he he, det var akkurat slik eg tenkte, og det var grunnen til at eg valde 2 rør utan starter. Men no gjekk ikkje dette så veldig bra. Eller det vil seie at eg hadde ikkje tålmod til å vente på at gjæra skulle starte på jobben. Slik eg ser det er det beste med starter at ein veit med sikkerheit at ein pitchar aktiv gjær.
 
Tilbake
Topp