Du har m.a.o. oppnådd ei utgjæring på ca 74,5 %. Då ser du at dette ligg godt over dei 63 - 70 % som produsent oppgir. Dette er noko som også eg og mange andre har oppnådd. Om du tenker bruke opp att gjæra på seinare brygg, så er det lurt og noko som mange gjer. Jamil Zainasheff hevdar at...
Eit eksperiment på kjøkkenet i dag viser at Brynsj har presentert ei fullgod løysing på utfordringa mi - og samstundes motbevist bryggelitteraturen som seier at ein MÅ ha malt i vatnet og ikkje omvendt for å unngå tett filter!
Ute i garasja kverna eg 2,3 kg malt rett i iglooen med montert...
@Brynsj: Eg har diverre for ikkje erfaring med om dette kan føre til litt dårlegare konvertering, men eg tenkjer at litt må understrekast. I "Moderne hjemmebrygging" står at meir kompakt mesk (mindre liter vatn pr kg malt) fører til raskare konvertering enn tynnare mesk (meir liter vatn pr kg...
Har aldri prøvd malt før vatn, nettopp fordi det er vatn-malt som er anbefalt.
Etter litt vurdering så tenker eg at "melbolle-problematikken" nok er den største utfordringa om eg unngår tett filter. Det trengs sikkert heftig og grundig røring om dette skal unngåast.
Fukting av malt kan redusere maltstøv i rommet ja. Har ikkje prøvd.
Å fylle meskekaret i anna rom har eg tenkt på. For mitt vedkomande er i så fall garasja aktuell. Men sidan eg då må gå ut av garasja, inn i huset og opp trappa med 5-7 kg malt + alt koke- og meskevatnet (ved no-sparge) blir det...
Det er stor forskjell på dei ulike metodane vi kan gjere oss nytte av i ølbrygging, men det er fleire likskapar, m.a. utfordringa med maltstøv under innmesk. Så langt eg kan huske så er alle anbefalingane at ein heller / rører malten inn i meskevatnet. Sidan eg bryggar på kjøkkenet må eg ofte ha...
Med tanke på at dei med god erfaring i emnet (C. White, J. Zainasheff, Gahr S-G m.fl.) er samstemt i at "bryggeren lager vørter mens gjæra lager øl", er det all grunn til å rette sterkt fokus inn mot gjæring og gjæringsforløp. Klart ein blir litt forvirra når ein på bryggekurs får vite frå...
Med såpass lav OG og alkohol er det smart av deg å velje Marris Otter som vil gi ein brukbar fylde / god ryggrad i seg sjølv. Likevel ville eg nok ha brukt 2-3 % kveite for skumstabilitet. Kanskje også 3-4 % av ein annan "karaktermalt" type München, men berre kanskje. 8 % krystallmalt er nok...
Tja, litt for lite erfaring med denne gjæra eigentleg, men sidan du treng raskt svar og eg antar at denne gjæra har nokolunde av dei same eigenskapane som andre engelske gjærtypar (vel, eg veit at det er store variasjonar i engelsk gjær) så: ønsker du eit relativt nøytralt preg frå gjæra, så vil...
Dette har eg gjort eit par gongar. Første gong gjæra eg andre (siste) avtapping med eit nokså tynt og vassaktig smaksbilde. Andre gong hadde eg, etter første skylling, 700-800 gram av biscuit, melanoidin og flaka bygg opp i meskekaret og meska ca 45 minutt til før andre /siste avtapping. Trur...
Ser det er nokre timar sidan innlegget ditt, så du er kanskje godt i gang med brygginga allereie. Uansett så vil både Fuggles, Mittelfrüh og Saaz funke. Personleg ville eg nok gått for Fuggles som bitter og Mittelfrüh på 15 minutt, men så er eg ingen stor fan av Saaz heller.
Svaret er avhengig av kor lenge du har ølet ståande i slangen mellom kvar gong du bruker den og i kva omgjevnadar du oppbevarer ølet i. Eg har ikkje så stor erfaring med fat enno, men har hatt to smaksrike øl som belgisk dubbel og imperial porter oppbevart i kjøleskap. Sjølv etter eit par veker...
Ja, då var det ikkje Summit nei. Takk for tipset, Nordhagen. Men sidan ein ikkje kan argumentere mot personlege preferansar (nokon liker dattera, andre liker mora, eg har kome i ein alder der ein kan seie ja takk til begge deler ;D) og eg har nytta Simcoe med hell før, så prøver eg meg både...
Fint blir det :skitbra:
Funderer på å dele av litt av indre del av dobbelgarasja til bryggebod. Men der er fullt nok allereie (eine bilen står permanent ute) så eg bør ikkje forsyne meg av eit større areal enn nødvendig. Kva areal og høgde har du på bryggeboda di, Odland?
Takk for innspel, karar! Vil melde erfaringar etter kvart.
Eg har brukt Simcoe i to øl før: ein APA og ein Imperial porter. Begge gongane med stort hell, så den humla liker eg godt.
Kan det vere Summit du tenkjer på, Nordhagen? Den har eg brukt ein gong, aldri meir. Husker ikkje heilt nøyaktig...
Skal snart brygge APA saman med kompis og vi har bestemt oss for at vi skal bruke Magnum som bitterhumle samt Amarillo og Simcoe ved 10 minutts kok, flame-out og som tørrhumle. Eg har ståande ein testbatch på 10. gjæringsdagen der eg brukte 25 % Amarillo og 75 % Simcoe ved flame-out og som...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.