Eg har brygga mykje ekstraktbrygg, og alltid vore nøgd med resultatet. Men no har eg prøvd meg på all-grain tre gonger, og alle gongane har eg fått samme bismak - det er svært vanskelig å forklare, men om eg skal gå etter bismak-tabellane må det enten vere "våt papp", "innestengt" eller "astringent(?)".
Dei to første gongane gjekk eg for BIAB, mens denne siste gongen har eg brukt ei meskebøtte a la den dei sel på petit. Eg har slitt med eit unøyaktig termometer, så mesketemperaturen var truleg vel høg dei to første gongane. Då hadde eg og dårleg utgjæring, og var dum nok til å riste gjæringskaret i eit desperat forsøk på å få i gang igjen gjæringa. Eg har vore sikker på at dette var problemet, at ølet då vart oksidert. Men no har eg altså fått den same bismaken på det siste ølet, og det mens det enno står på gjæringskaret, og knapt er utgjæra. Har det blitt oksidert, må det ha vore under resirkulering/skylling, men eg følte ikke det blei plaska særleg mykje då. Eg drakk forøvrig eit heilt glas av vørteren før pitching, og kjente ikkje noko bismak då. Bismaken i dei to første blir forøvrig ikkje betre med lagring (kanskje litt verre, men det kan og hende eg blir meir var for smaken). Så då er spørsmålet, er det noko vits i å halde på med dette? Fins det ei orsak og ei løysing?
Beklager det lange og klagande førsteinlegget, men eg er frustrert og desperat.