Ollikainen
Norbrygg-medlem
Hei!
Ser at mange brukar kveik i veldig mykje forskjellig øl og fortsatt så blir ølet kalla for pils, ipa, apa, osv. Men kor rett blir det, dersom ein skal fylgja definisjonar av dei forskjellige ølstilane? Er rett og slett alt lov?
Ein tysk pilsner er jo ikkje lengre det viss ein brukar us-05 eller ein annan overgjæra gjær. Kvifor skal då pilsen fortsatt få lov til å heita pils når den er gjæra med kveik?
Eller kan du bruka heilt valfri gjær til einkvar ølstil og kalla ølet ditt kva du vil (sånn sett bort frå at ølet kanskje hadde fått litt slakt i ei bedøming etter ein bestemt type ølstil)?
Folk skal sjølvsagt få lov til å brygga kva dei vil, og det gjer eg jo sjølv og. Men dersom ein skal bruka dei rette definisjonane, kva blir då rett? Kva øltypar blei forresten brygga opprinneleg med kveik? Typisk "maltøl" ?