Bryggjebutikk i Bergen

Kjære bryggjarar.

Det vil snarleg opne ein butikk dedikert til ølbrygging i Bergen. Butikken vil vere lokalisert på Danmarksplass, i gangavstand frå sentrum. Me vil føre eit godt utval av maltsortar frå Thomas Fawcett, som kan kjøpast heil eller knust. Me vil også ha eit utval av humlesortar, både engelske, tsjekkiske, tyske og amerikanske. Me vil også selje gjær frå WhiteLabs og ein del utstyr for brygging.  Medlemmar i Norbrygg vil sjølvsagt få rabatt.

Butikken vil starte i det små, derfor vil me i byrjinga ikkje ha like stort utval som andre bryggjebutikkar. Me ønskjer likevel å kunne tilby like gunstige prisar og like god service. Denne butikken er meint, i første omgang, som eit tilbod til bryggjarar i bergensområdet. Dette betyr i praksis at me har butikkutsal, og ikkje noko nettbutikk.

Tanken bak butikken er å kunne tilby bryggjarar i bergensområdet malt,  humle og utstyr utan fordyrande frakt. Me ønskjer også å vere behjelpelig for personar som er nysgjerrige på brygging som hobby, ved å tilby råvarer og kompetanse på same stad. Nettsider med innhald og prisar samt meir info om oppstart o.l. kjem seinare.

mvh

Birger Storaas
Vestbrygg
 
BirgerS skrev:

ikek dumt. hvor på danmarksplass er det og hva slags åpningstider har dere tenkt dere?
 
Hei Lars B.

Lokalet ligg eit steinkast frå Forum kino, retning sentrum. Rett ved bybanelinja.

Opningstidene vil i førsteomgang vere 1-2 dager i veka, på ettermiddag/kveldstid og laurdags føremiddag. Me vil sjølvsagt justere opningstidene etter som me ser behovet.

Nærmare info om opningstider kjem seinare.

-Birger
 
Hørte rykter om dette i går på facebook. Veldig bra at det stemmer!

Gleder meg til det åpner :)
 
Veldig kjekt med slik positiv oppslutning!

Me vil opne så snart som råd. Altså så snart varene kjem til butikken. Eg vil tru dette vert om ca 2 veker. "Den som ventar på noko godt, ventar truleg på ein lokal bryggjebutikk."

-Birger
 
Tilbake
Topp