Eldhus-smak

Bryggja i helga i kjellaren til ein kompis. Det vart komentert at der var for sterilt og at ein ikkje kom til å få "eldhus-smak" på ølet. Då var ideen sådd: Røykja malt sjølv for å få "eldhus-smak".

Røykjemetoden vert kaldrøyk (Smokai røykgenerator) på rist i røykjeskap.

Eg har tidlegare bryggja eit sett med "Vossaøl med kveik" frå Brygg Selv, som vart brukande.
Maltet der er 4 kg Pale og 4 kg Pilsen. Spørsmålet er då kor mykje av maltet som skal røykjast for å få "eldhus-smak"?

Sjølvsagt er det smak og behag, meininga her er å få til noko tilsvarande som om ein hadde bryggja over open eld.
 
Tilbake
Topp