Frysing av øl - smak og aroma

katla

 
På ein tur i tyskland smakte eg ein pilsner som var godt humla med ei eller anna Hallerthauer humla og eg tenkte eg skulle forøkja å laga noko liknande men i Kølsch-verda. Eg humla med Tettnang og Hallerthauer Mittelfrueh.

Etter primærgjæring overførte eg til corneliusfat og sukra for å få sekundærgjæring.

Etter sekundærgjæring skal dette ølet helst stå litt kaldt har eg forstått. Eg er litt utålmodig så eg tok med meg eit par growlere i nyttårshelga og for å få det kaldt hadde eg det ei natt i frysen. Det var litt i overkant då det botnafraus. Men etter tining smakte eg på det og det hadde ein fascinerande aroma som eg ikkje opplevde under testing heime. Vel heime att tenkte eg å smaka på fata eg hadde ståande i kjellaren - men dei hadde ikkje same smaken! For forsøket si skuld har eg idag sett eit fat i frysar for å sjå om det påverkar smak/aroma.

Og det verkar på meg som om det har påverka smaken ein god del. Det kan jo sjølvsagt vera at det er pga. at temperaturen er lågare i dette fatet enn i nabofatet som ikkje har vore i frysen og at dette lurer meg men eg synes no det er litt rart.

Nokon andre som har noko liknande erfaringar? Er ein tur i frysen ein måte å hurtigmodna ein Kølsch?
 
Tilbake
Topp