Har det siste døgnet brygga ein Russian Imperial Porter etter oppskrift frå boka 'Brewing Classic Styles'.
OG: 1.098. IBU: 77.
Klarte etter dobbeltmesking i BB30 og litt DME å ende opp på planlagt OG. Godt fornøgd gikk rehydrert tørrgjær i bøtta, miksa med malingsblander og plassert dunken i gjæringsskapet. Fornøgd kika eg meg rundt i kjellaren og oppdaga noko uventa:
På benken låg to uåpna pakkar med US-05, som eg EGENTLIG skulle bruke i brygget.
Kva skjer no? Korleis vil dette smake? Planlagt FG er 1.030, men eg ender kanskje opp på lavare enn dette? Dette vart eit noko uønska eksperiment....
Full oppskrift:
8,62 kg - Pale Malt
0,68 kg - Black Barley
0,45 kg - Special B Malt
0,23 kg - Caramunich Malt
0,23 kg - Chocolate Malt
0,23 kg - Pale Chocolate Malt
Humle:
100 g Magnum 10,2% - 60 minutt
43 g EKG 6,5% - 10 minutt
57 g EKG 6,5% - 2 minutt
Tilsetting:
2,5 kg fryst blåbær etter 5 dager (etter inspirasjon frå duckboot si oppskrift. Usikker på om dette framleis er ein god idé...)