FG 1.010 Belgisk wit

katla

 
Har akkurat tappa om første produksjon som er Belgisk Witbier frå Bjørnstad og Haavardsholm sin bibel.  Vart bryggja den 16. november. 

FG vart på 1.010.  Eksakt kva OG var er litt usikkert - eg målte i iveren på varm vørter og då var det 1.032.  Er FG på 1.010 det OK for Witbier mon tru?

Det smakar friskt av koriander og til å vera utan bobler så er det rett godt - har sett eit glas inn i kjøleskapet for å sjå korleis det smakar når det blir kjølt litt.   

Smaken er faktisk bedre enn den flaska med Stuykman Wit frå Nørrebro Brygghus som eg kjøpte på polet i går (og som var ein stor skuffelse til ein relativt høg pris - CO2 neutral eller ikkje (og det spørs no om CO2 nøytralt øl er det rette)).

No skal eg sukra for ettergjæring og overføra til flasker.  Sidan eg er nybegynnar og har oppfatta eit og anna om ettergjæring og eksploderande flasker - så blir det brune halvliters plastflasker. 
 
Tilbake
Topp