Humleposen sneik seg med i gjæringskaret - dag 1-7

Eg føretrekk raske bryggeprosessar, særleg når klokka er passert 24 midt i veka. Det var då også tilfellet for omlag ei veke sidan, då eg brygga ein wit. Brygget har gjæra i ei veke, og når eg no løfta på lokket for å sjå til arbeidarane vart blikket mitt fang av humleposen som låg der og flaut. Den hadde eg gløymt ta ut i det eg sette brygget bort til gjæring. I posen var perle, hersbrucker, appelsinskal og koriander. Dette har altså fått oppleve både stormgjæring og meir til den siste veka.

Nokre tankar omkring korleis dette kan påverke smaken?

Eg er ein stor tilhengar av eksperimentering, men likar då at det skjer meir planlagt enn dette.
 
Satsar på det!

Eg heller den rykande varme vørteren rett frå kasserolla til gjæringskaret, ingen kranar eller slangar med andre ord. Deretter byrjar eg kjøleprosessen i gjæringskaret. Bakgrunnen for dette er både mitt enkle bryggerioppsett, samt at vørteren då kan reinske ut siste rest av bakteriar i det alt reingjorde/desinfiserte gjæringskaret. Eg plar fiske opp att posen eit stykke ut i kjølinga.
 
Spesiell praksis du har der. Har du merket usmak ved tidligere batcher? Varm vørter og plasking er jo ikkje kjent for å være det beste teamet..
 
Har ikkje merka noko. No ristar ein jo inn oksygen i brygget i det ein når gjæringstemperatur, så oksydering er eg ikkje redd for når det kjem til helling med plasking sjølv om vørteren då er varm.
 
Det er forskjell på å få inn luft i varmnog kald vørter siden oksideringen går langt raskere på høy temp, men det pleier ikke være så problematisk. At du fikk med humleposen (og alt trub) er kanskje et vel så godt argument mot praksisen.

Og er plasten i gjæringskaret laget for å tåle så varm behandling?
 
Hehe, ja humleposen må nok innførast som eige sjekkpunkt i mi tømme-/plaskerutine. Gjæringskaret tålar det fint, ingen tendensar til svikt i plastikken. Interessant det med grad av oksydering på ulike temperaturar.
 
Tenkte forsåvidt ikke på svikt i plasten, men heller på om det kan lekke ut uhumskheter fra den ved så høy temperatur.
 
Haha, med 2x2000w-varmarar inntil plasten trur eg det kan gå gale i det ein kokar i 60-90 min.

Eg tømmer berre vørteren ned i karet, lat oss seie på 95 grader, og går rett til kjøling. Har aldri vore noko problem. Det meste av truben forblir for øvrig att i kokekaret.
 
Bare ett tips: Prøv å tøm kokende vann i gjøringskaret, kjøl det ned og lukt/smak på det. Da kjenner du veldig lett om det blir usmak av plastikken fra gjæringskaret. Mye lettere å gjenne i rent vann enn øl. Jeg har prøvd kokende vann i gjæringskar selv, men det ble så mye plastsmak at jeg droppet det og fant en annen løsning. Jeg vil i hvertfall ikke anbefale denne praksisen hvis du bruker ett vanlig gjæringskar, men test det selv hvis du er i tvil.
 
Ja, det skal eg teste - men er mindre bekymra.

Flaska dette brygget i kveld, og det smakte lovande alt no. Mindre framtredande humle og krydder enn venta, mtp fadesen, men det kjem seg nok etter nokre veker.
 
Tilbake
Topp