katla skrev:
Eg har lurt litt på det med dei 3500 watt som er oppført og idag har eg sjekka det med ein enkel energimålar frå Clas Ohlsson. Den viser berre 2778 watt når plata står på full guff. Og sjølv med ein feilmargin på målaren på ± 3% så er forbruket i størrelsesorden 2694-2861 watt.
No har eg forsøkt ei anna 3500 w induksjonskokeplate. Den lignar fysisk sett ein god del på caso-plata - denne er også tysk. Då eg slo på den nye og sjekka straumforbruket fekk eg meir watt frå den og det forundra meg så eg tenkte eg skulle samanlikna dei to :
Testen er utført slik: Eg har varma opp 8 liter vatn i kjelen. Det var 7.7 grader kaldt i utgangspunktet. Så har eg målt kor mange watt platene trekkjer på full guff (10. trinnet) og kor mange grader det var i kjelen etter 10,15 og 20 minutt.
For å ha like forhold har eg brukt same kjelen i begge forsøka og same elektriske kurs og ein god digital temperaturmålar. Kjele er plassert midt på induksjonskokesona i begge prøvene.
Spenninga var i utgangspunktet 223 V før eg koblar til og spenninga går ned til 217-218 når eg har platene på full guff.
Resultat:
Temperatur C
Watt MAX 10 minutt 15 minutt 20 min
----------------------------------------------------------------------
Caso 2800 watt 50,3 C 70,6 C 86,6 C
Ny 3100 watt 57,7 C 78,7 C 94,5 C
Den nye plata leverar i min test over 10% meir watt enn Caso plata og den kokar også opp på kortare tid.