FrodeSy
Norbrygg-medlem
Det er stor forskjell på dei ulike metodane vi kan gjere oss nytte av i ølbrygging, men det er fleire likskapar, m.a. utfordringa med maltstøv under innmesk. Så langt eg kan huske så er alle anbefalingane at ein heller / rører malten inn i meskevatnet. Sidan eg bryggar på kjøkkenet må eg ofte ha ein større nedvask, så også i natt. Dette har fått meg til å tenke på om det ikkje kan gjerast omvendt.
Eg brygger i igloo kjølebag, brukar kran med bazookafilter for uttapping frå botnen. Ulempen min vil i så fall vere at det er fare for at opninga til kran / bazookafilter vil fylle seg med malt og at dette blir heilt tett når vatnet blir tilført. Eg tenkjer at dette kan unngåast ved å lage til eit "skjold" foran kran / filter som blir fjerna når vatnet har blitt tilført og innrøring i gang. Men eg er sikker på at der er andre utfordringar eg må ha fokus på, og håper difor på innspel frå dykk.