Mango ale med eller utan laktose...

Ollikainen

Norbrygg-medlem
Har ein «mango-ale» på planleggingsstadiet, inspirert av Hansa sin mango-ipa. Denne (23 liter batch) skal ha i seg 2 kg mangopuré etter stormgjæring. Gjærast med wlp067, coastal haze ale.
OG planlagt: 1060. Dersom utgjæring er gjennomsnittleg (70-75%)blir fg med og utan 0,5 kg laktose: 1020 / 1014.

Tanken er å vera litt sparsam med humla (magnum 60 min til ca 35 ibu og 20g citra og vic secret når eg startar nedkjøling)og la mangopuréen få litt større del av rolla i smaksbiletet. Ingen tørrhumling.

Har lese at når ein brukar frukttilsetningar i øl så kan ølet opplevast syrleg dersom ein ikkje har laktose i tillegg. Så til spørsmålet (endeleg): laktose eller ikkje, bør ein ta omsyn til antatt utgjæringsgrad for aktuell gjærstamme, før ein bestemmer seg for om, eller kor mykje laktose ein skal ha i? For tankeeksperimentet sin del så gjærar us05 litt meir ut og bør ein ha meir laktose dersom ein brukar denne gjærstamma? For høvet har eg kjøpt inn 0,5 kg laktose. All in, delvis inn eller ingenting inn? Kva ville dåke gjort? Ser føre meg å meska på rundt 65 grader for å ha ein relativt gjærbar vørter.

Nå reknar eg med at det er nesten berre sukker i mangopuréen og dei fleste gjærstammene et seg lett gjennom dette, men gjærstammene har jo forskjellig utgjæring og ølet vil vel opplevast litt forskjellig med forskjellige utgjæringsgrader?


Sent from my iPhone using Tapatalk
 
Tror du tenker mye riktig her. Jeg har testet et par oppskrifter, uten at det har blitt spesielt vellykket. Min konklusjon er at puré gjærer godt ut, og at 500 g laktose er passe til en normalbatch. Jeg brukte altfor mye humle – og begge ølene viste tegn på oksidering. Det er en vanskelig stil å få til. Både Hansa og Frydenlund har basert ølene sine på wit, tror jeg – og humlingen kjennes beskjeden ut. Skulle jeg testet på nytt, ville jeg prøvd å få tak i noe god ekstrakt. Det ble mye biomasse fra puréen.
 
Interessant angåande basert på wit. Det var eg ikkje klar over. Hadde tenkt ca 12 % kveitemalt, men kanskje eg skal auka denne andelen noko.. men trur eg held meg til opprinneleg plan om gjærtype [emoji846].

Uansett blir det interessant å sjå kva resultater blir. Ikkje prøvd meg på denne stilen før [emoji846]..


Sent from my iPhone using Tapatalk
 
Tilbake
Topp