Mitt tiende brygg har eg no ståande til gjæring, denne gangen med tett lok og gjærlås. Tidligare har eg berre latt loket ligga lett nedpå dunken. Er det noko grunn til at ein brukar tett lok og gjærlås? anna enn den skremmande infeksjonsfaren, som eg meinar er heilt minimal om loket ligg lett nedpå. Ellers har eg høyrt folk snakka om oksidering, har liten tru på at oksygen slepp til ølet under gjæring. Når eg åpnar loket og luktar så riv det i nesa av andre gassar enn oksygen. Eg veit det er enkelte som tappar om ølet for sekundærgjæring. Då vil ølet komma i kontakt med oksygen, mykje meir enn under gjæring med loket lett på.
Er det nokon som har nokon kvalifiserte synspunkt her?