I utgangspunktet vil eg tru det er bra med så høg sirkuleringshastigheit som mogeleg, så lenge ein har nok effekt til å varme den passerande veska. Når det er sagt så vil du ikkje ha flow som tilsvarar pumpedata for fritt avgit veskemengd i eit slikt systm, men vere litt bunden til flowen gjennom maltsenga. Ein plass har eg lest at normal flow kan vere ca 6l per kavadratmeter silbunn per minutt.
Ein opererar med overflatebelastning på varmeelement der ein reknar antal watt per kvadratsentimeter overflate på elementet. Det seiest at ein kan svi vørteren ved for høg effekt per areal, men eg har endå ikkje sett noko konkret tall på kvar grensa går. Uansett kan det vere greit å vite at ein reknar slik:
"What is the difference between High and Low-density elements?
High density elements are rated at 150+ watts per square inch of surface area, low density are rated at 75+ watts per square inch. Extra low density are rated at 50+ watts per square inch."
-Trur eg ville ha holdt meg til ca "low watt density" eller lågare, sjølv om det er dårleg dokumentert som sagt.
Du seier du berre har prøvd med vatn. Korleis veit du då at vørteren vil sviast?
Utan ordentleg PID vil du nok oppleve at elementet slår deg på og av i litt for lange intervall og temperaturen vil overskyte setpunktet kraftig. Å ha sensoren i meskan vil kansje utjevne denne variasjonen noko, men det vil nok ikkje bli heilt bra trur eg.
Fordelen med PID er at når den er inntuna til ditt system vil den regulere elementet på eit slikt presisjonsnivå at vørteren på målepunktet vil ha tilnerma heilt konstant temperatur, og lik som set-verdien.
Ikkje bli skremt av desse meiningane og prøv for all del med det oppsettet du har. Del erfaringa med oss i etterkant!