√225 er jo sur, Nøgne Ø sin er ikkje sur – dette er to heilt forskjellige øl. Saison har det jo med å vere litt vanskelig å setje i bås, men ein kan vente seg eit rustikk preg på ulike måtar. Surhet, funkyness, brett og snåle estere er tradisjonelt sett heilt vanleg. I så måte kan ein seie at Nøgne Ø sin saison er nokså utypisk (men svært god!), og ligg nærare ein fruktig wit enn eit tradisjonelt gardsbrygg.
Når ein vil bryggje ein saison sjølv, står ein sjølvsagt fritt til å trekke i den retningen ein sjølv måtte ynskje. Eg har bryggja to ulike saisons, den eine basert på Nøgne Ø sin (oppskrift frå Ølbrygging fra hånd til munn), og den andre med eksakt samme oppskrift og framgangsmåte, men bytta ut den fantastiske WLP400-gjæren med WLP566 Belgian saison II. Det blei to heilt ulike øl, men begge er fabelaktige. Den med wit-gjæren er fruktig, lettdrikkeleg og lett, den med saison-gjæren er interessant, rustikk med hint av loft og stall. Digg, men ikkje for alle.