Novax-pumpa vert seld hos mange av våre brygge-leverandørar, men med svært sprikande data. Ola på Petit har tydelegvis gjort forsøk med kva den er god for på temperatur, og han set grensa til 50 gr.. Tenker han er inne på det rette. At ein kan seia at den er "brukande" når den begynner å bråke, er eg ikkje med på. Det skuldast truleg at hjulet gnissa mot pumpehuset, og det går ikkje i lengda. Har ein då undersøkt kva belastning motoren har ? Ein asynkronmotor som har starta kan dra opp mot det doble av nominell last, men den går snart for varm. Eg prøvde pumpa på varm vørter frå kokekjelen (skulle driva vørteren gjennom trange motstrømskjølarar) men pumpa starta ikkje i det heile - berre typisk knurring. Så tilbyd dei viton-pakning for liksom å klara høg temp. Begrensninga ligg ein annan stad. Pumpa er sikkert kjekk til sitt bruk, men lydvarslinga må ein respektera !