Spørsmål om krausen med WLP 002

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Skal brygge mild på fredag, og skal gjære med WLP 002 som eg aldri har brukt før. Eg lurer på å tyne kapasiteten i gjæringskaret sidan vi er to som skal dele på dette ølet. Har ikkje blow-off tube og ønskjer ikkje meir gjær rundt om inne i gjæringsskapet (flaska i går - må vaske skapet i dag  :mad: ) Kan dei av dykk som har erfaring med denne gjæra seie litt om kor mykje rom til krausen eg bør ta høgde for i gjæringskaret mitt?
 
Har foam control frå før av. Brukte dette vidundermiddelet i foreign stouten som eg brygga no (i kok), men det hjalp lite då den gjæra kraftig over (hadde ca 20 liter i 25-liters kar). Stouten vart gjæra med Nottingham tørrgjær, sjølvsagt utan starter (ergo ikkje foam control i starter) . No skal eg lage starter. Kan det hjelpe, tru?
 
Hmm...

Dette var i stappfulle 10-litersbøtter (fyllt til 9-litersmerket med øl og frukt) for sekundærgjæring. Da hadde jeg to dråper i hver bøtte. Regner med det var 5-7 liter øl i bøttene.
 
Krysser fingrene for at Foam Controlen hjelper til. Ville nok sett om jeg kunne fått tak i noe å lage en blow off tube med sånn for sikkerhetsskyld. Kjedelig å vaske gjæringsskap og faren for infeksjon er nagging.
 
Det ser ut til at folk på NorthernBrewerHomebrewForum har erfart 3 tommers krausen (utan at eg veit kor stort det gjæringskaret har vore), så det spørs om eg ikkje må ha såpass klaring.
Eg hadde tenkt å gjære med lokket liggande laust på toppen dei første dagane. Ulempen med ev ukontrollert blow off er jo også at Frostvakta / varmeelementet i botn av gjæringsskapet blir tilgrisa og i verste fall...  :bank2: Det verste bør unngåast.
 
Tilbake
Topp