Termometer kobla til pumpe i forbindelse med skylling

Eg har ein BB30 med magnetpumpe (sjå under) som eg ikkje heilt har fått utnytta max. Per i dag varmer eg vatnet til 68 grader og tømmer oppi maltet, synes dette fungerer greit nok men har ikkje heilt oversikt over kva temperaturen er i maltrøret. Har nokon forsøkt å koble på eit termometer i overgangen mellom tappekran og pumpe for å sjå på temperatur i vørter underveis i skyllinga? Fann ikkje noko i BB30-forumet ved søk.

Om nokon har gode tips for fordeling av vørteren utover maltsenga så blir det også mottatt med glede. Bruker dørslag frå IKEA i dag til skylling men opplever at dette ikkje fungerer heilt optimalt.

Linker til produkter på ebay eller aliexpress er heilt knall. :)

https://www.olbrygging.no/utstyr-og-tilbehor/magnet-pumpe-10w-beer-brew.html
 
Tilbake
Topp