Dei siste 6 vekene i pappaperm har det blitt tre (snart fire) batcher med øl, først av alle var ein nydeleg amber ale eg har kosa meg med dei siste dagane. Den vart flaska for tre veker sidan og dei tre kassene har kosa seg i kjellaren på utstillingsplass på øverste hylle. Tidlegare i dag var eg i kjellaren og henta opp eit par flasker, då stod gjengen der med sine raude korkar og strålte ut livsglede og forventning til gode drikkeopplevingar.
Då eg kom ned i kveld for å sette på plass tomgods slutta nesten hjertet mitt å slå. Utover heile kjellargolvet var det strødd glasskår, på veggen bak kassene var det eit ovalt, brunt merke og ved nærmare inspeksjon viste det seg at eit tosifra antall flasker i hyllene var dekt med klissete øl og små glassbitar.
Syndaren var fire glasflasker i den eine kassa, sprengt til fillebiter alle som ein. Ein tut med kork på låg igjen, kanskje eit 'calling card'? Eg veit ikkje.... Det slår meg som MEGET mystisk at ein eksplosjon skal komme no, tre veker etter flasking, og at fire flasker spontant skal eksplodere? Heilt samtidig? I samme klynge?
Det her lukter fishy.
Av rein nødvendigheit måtte eg gjere handfaste undersøkingar og har derfor smakt grundig på samtlige tilliggande flasker i kassen. Dette tok noko tid, men det viste seg at samtlige flasker rundt hadde normal karbonering. Ølet er forøvrig jævlig godt.
Kva kan ha skjedd? Kan ei flaske ha sprengt tre flasker rundt seg? Og kva kan ha skjedd med denne eine flaska som førte til sprenging? Den blir lagra tørt, kaldt og mørkt og har ingen grunn til å føle seg mishandla på noko vis. Utakknemlige jævel....
No er eg svett og sliten etter å ha vaska hyller, vegg og tjue malingsspann som vart dekt med øl og glasskår. Golvet er støvsugd, får vaske det i morgon saman med støvsugaren, som er grisa til med relativt store mengder blod.
Det verste av alt er at eg har mista over ein liter øl....