Hei!
Eg held på å bygge eit vatnkjølingssystem til 30L gjæringskar. Tanken var først og lage ein miniatyr kopi av primærtankane me har på bryggeriet, med eit tynt vatnmagasin rundt karet, men fant fort ut at det kunne verte litt vanskleg med tanke på å finne eit passande ytterkar som ikkje rommer for mykje vatn, samt at eg vil ha krane i gjæringskaret. Så fikk eg eit tips via. bror at ein kunde hos vestbrygg (hugsar ikkje namnet) nemnte dette med ein kveil av ein enkel hageslange rundt karet.
Så prinsippet eg skal gjør er at eg plasserer gjæringskar i eit varmt (ca.21+) våtrom (bad) med tilgang til vatn. Kobler slange på krana (mitt tilfelle låner eg vaskemaskin uttaket) til ein reduksjonsventil (eg skal bruke ein høgtrykks "nålventil"), til ein solenoid-ventil som er styrt av ein termostat (STC-1000) med ein 10" RF "thermowell" som går ned gjennom lokket og midt i gjæringskar, så går slangen rundt gjæringskaret med input nede på karet, og så mange ganger rundt eg treng for god kjøling. Og utløpet går via slange rett i dusjen.
Flowen skal vere utruleg svak slik at temperaturfallet vert roleg, og tempen ikkje overskyter. Da vil termostaten holde temperaturen nede under primærgjæring og romtemp holde temp oppe etter primærgjæring.
Driv å konverterer mitt nåværande bryggeri til ein kopi av produksjonsbryggeriet vårt, som skal bli brukt til pilotbrygging, eksperimentering og mykje moro, så når det er ferdig kjem det full beskrivelse og bilder i eigen tråd om gjæringskaret og bryggeriet
Her er forresten ventilene eg har kjøpt for å bruke før slangekveilen:
www.ebay.com/itm/290804664389?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1497.l2649 som reduksjonsventil.
http://www.ebay.com/itm/290721876966?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1497.l2649 denne er lukka til vanleg, og opner seg når du sett straum til han.
Håper dette gav nokre ideer til ditt eiga prosjekt