Eg fekk tilsendt ein Vossakveik i september 2015. Den stod i kjøleskapet fram til juli 2017. Sidan det var gått så lang tid tenkte eg å teste om den framleis kunne lage øl. Så eg satt ein liten starter på den(1.020) og det var liv etter 4 timar. Eg fekk ikkje tid til å brygge denne gongen helder så starteren endte i kjøleskapet att. Satt så ein 2 liter starter m 1.038 styrke i slutten av september. Då var det liv i starteren etter 30 min! Brygga eit øl m 1.068 styrke, FG 1.018. Lobba på 35c, ferdig etter 5 dagar. Har stått på
Fat sidan. Ikkje det beste ølet eg har brygga, men det smakar godt og det blir nok ein god match til pinnekjøttet i jula. Rein og rund smak.
Eg har ikkje smakt anna enn Voss sin Vossaøl, så eg har ikkje noko å samanlikne med sidan.
Men ein ting er sikkert, denne kveiken er ganske hardfør...