Har brygga pils 4 gonger og kvar gong har eg fått kraftig smak/lukt av eple som eg reknar med er acetaldehyd. Problemet er at eg ikkje klarar å finne ut kva som er feil i prosessen min. Alle gongene har eg brukt 3 pakkar 34/70 på 25 l vørter. Eg har rehydrert kvar gong på ca 23 grader. Mellom kvar pils har eg brygga mange ulike ales på samme utstyr og gjæringskar og ikkje hatt usmak eller infeksjonar på desse. Har gode reinhaldsrutiner med PBW og StarSan. Har lest side opp og side ned på diverse forum om pils-brygging og kom til at stor temperaturforskjell mellom rehydrert gjær og vørter kunne vere problemet mitt. Prøvde difor å gjere noko med dette på siste forsøk. Her er forløpet på den siste som var ein 7Fjell håndverkspils:
Justerte 25 l meskevatn med 2,5 g CaS04, 7,5 g CaCl2 (33%) og 5 ml fosforsyre. Meska ved ca 65 grader. Målte pH med strips og var nokonlunde nær 5,2 såg det ut til. Skylte med 10 l vatn (78 grader) med 1 g CaSo4 og 3 g CaCl2 (33%). Kokte i 90 min. Brukte gjærnæring (Servomyces) og Whirfloc. Kjølte ned vørter til ca 9 grader. OG var 1,048. Oksygenerte vørter i ca 1,5 min (1l/min). Pitcha rehydrert gjær (rehydrerte ved 23 grader) som var ca 12 grader dvs. 3 grader høgare temp. enn vørter. Tok gjæringstemp. roleg opp til 11 grader (brukar Inkbird med kjøleskåp og varmebelte på gjæringskar). Etter 5 døgn var SG ca 1,011. FG var ca 1,009 og stabil etter 2 veker ved 11 grader. Eplelukt var det heile vegen frå eg tok hydrometerprøve etter 5 døgn. Etter 2 veker tok eg temperaturen opp til 17 grader over 5-6 dagar (1 grad i døgnet). Det var fortsatt eplelukt/smak etter ytterlegare ei veke. Tok så temperaturen gradvis opp til 24 grader i håp om å bli kvitt faenskapen, men nei. (Rugga og litt på gjæringskaret og for å virvle opp gjær). Lot det stå i 1 veke på 24 grader. Etter nærmare 6 veker tappa eg ølet (CC til 2-3 grader). Eplesmaken var der fortsatt. No etter 4 døgn på fat ved 0 grader er smaken fortsatt den samme. Ølet går nok til dodraugen...
Kan nokon gje meg tips om kva eg kan gjere betre her? Gir snart opp pils. Trudde 34/70 skulle vere ein enkel gjær å bruke.