Både dette med kvadrat på skøyteledning og å rulle den ut er heilt nytt for meg er åpenbart ikkje særleg nevenyttig. Men det forklarer ein heil del. Vi brygga på same stad i fjor på denne tida, og når eg no var attende kikka eg på skøyteledningen vi brukte. Den var merka 3G1.00mm^2. Og kanskje endå viktigare: på ein etikett på trommelen kunne eg lese:
«Maks kapasitet helt utrullet: 2300W 230V / 10A
Maks kapasitet helt innrullet: 1000W 230V / 4A»
Vi hadde store problem med å nå kok i gryta vår i fjor, og det skuldast vel at trommelen var rimeleg innruila, og følgeleg ikkje gav nok effekt til vår 1800W induksjonsplate. Akk!
Hoppa glatt over dette leddet denne gongen, og brukte ei slik kvit padde til å føre straumen ut. Bryggjinga fungerte heilt som vanleg med vårt bryggjeri. Ingen stress og kav. Så det var suksess!
Men kraftigare induksjonsplate står stadig på ynskjelista, det blir neste oppgradering for vårt vesle kjøkenbryggeri. Eller kanskje det blir eit kjøleskap for gjæring