Bøying av tynnvegga rustfrie stålrør - tips

katla

 
I tida eg dreiv bryggebutikk produserte eg ein god del kjølarar i rustfritt rør - kjølarar som idag fins over store delar av landet. Slike dyppkjølarar har den fordel at dei er enkle å reingjera og at ingenting som kjem i kontakt med vørter er skjult på innsida - det er utsida som er kontakt med vørteren.

Det rustfrie røret eg brukte kom i runde coilar på ca. 60-70 cm i diameter. Dette var praktisk med omsyn på å få bøyd røret til mindre coilar på 25+ cm i diameter - men å få laga fleire 90 graers bend med liten radius var ikkje så enkelt på sike tynnvegga rør utan vidare - dei hadde ein tendens til å bli heilt flate i bøyen jamvel om eg brukte skikkeleg rørbøyar.

Trikset eg fann opp var å føra innfleire plastbelagte vaierar i røret før eg bøyde - typisk 6-9 stk som eg så vridde rundt slik at dei framsto som ein enkelt vaier. Dermed kunne ein bruka rørbøyar og gå bøyd røra slik ein ville med liten radius utan at røra flata noko særleg (perfekt var det jo ikkje - til det måtte ein ha ei kule på innsida av røret som ein grog med seg under bøyinga slik ein har i ein mandrelbøyar - men sidan røret eg brukte ikkje var heilt rett men rundt var mandrelbøyar ikkje eit alternativ). Det var lurt å bruka silikonbasert glidemiddel slik som rørleggjarar bruker for å få vaierane inn i røret og enklast å føra dei inn samla.

Coilane eg brukte var typisk 100 fot lange og når dei var opna var dei som ei fjør som vart ca. 2 meter lang (60-70 cm i diameter). Når ein så skal bøya dette til coilar som er 25+ cm i diameter er det også eit triks korleis ein startar. Om ein set coilen slik at den står på golvet ned eine enden ned og den andre opp (og snurrane horisontalt) - så begynner ein å bøya nederste del av den coilen ein skal laga med å tvinga ned enden frå toppen gjennom midten av coilen - om ein ikkje gjer det slik vil ein ikkje få ein tett coil.

Eg brukte å ha eit rør som var fastspent i ei plate som sto fast på ein benk og så tvang eg ned toppenden av røret og sette det fast på benken og så bøyde eg coilen rundt dette røret. Sluttresultatet vil alltid bli litt større enn røret ein bøyer rundt.
 
Tilbake
Topp