Design av vørterkjølar / bruk

katla

 
Det ser ut for meg som om det er ei rekkje design av desse vørterkjølarane.  Nokon har spiralar som er vide - andre verkar å vera lenger. Det ser ut til å vera sams at dei har ein spiral som ein senkjer til botn i kokekaret.

Dei første gongane eg brygga tok eg ut kjølaren når tempen var der og så brukte eg ei sleiv for å laga whirlpool.    Sidan eg såg at enkelte bryggjarar har montert eit ekstra rør på kjølaren som dei koblar til pumpe for på denne måten å laga whirlpool - og no har eg begynt å laga whirlpool med kjølaren i (framleis med ei sleiv).  Kva gjer andre bryggjarar (som brukar rør-kjølar).

Samstundes ser det for meg ut som om kjølaren står på botnen av kokekaret og dette synes eg er litt merkjeleg.  I ein varmtvatnsberedar vil det varme vatnet stiga til toppen.  Av dette deduserar eg at det kalde vatnet vil synka til botn når vi kjøler.    Er det då vits å la kjølaren stå på botnen?  Kva med å la kjølaren henga øvst i kokepanna - det som er kjølt vil vel då synka til botnen?
 
Jeg har kjøleren i bunnen fordi jeg vet ikke hvor høyt vørteren står til hver brygging, med omrøring blir det fort kjølt ned.
 
Tilbake
Topp