Epleråsaft i Trøndelag

Hei!
Satt for eitt år sidan to test-"brygg" med cider. Begge på 3 liter. #1 var av billeg eplejuice frå coop, den andre var Balholm. WhiteLabs cider yeast om eg ikkje hugsar feil. Det ble ikkje tilsett noko som helst, berre satt rett til gjæring då begge er pasteurisert frå fabrikk.

#1(coop eplejuice) er tørr men smakar, dessverre, eplejuicete. Flaske nr 1 blei smakt etter 6 mnd. og då var den fortsatt litt sur. No, over eitt år seinare er den blitt betydeligare betre. Men men ein smak av billeg eplejuice.
2#(Balholm) smakar himmelsk. Sjølvsagt litt for tørr, men den er rett og slett nydelig. Litt jobbing med oppskrift for å få den litt mindre tørr så er dette perfekt til sjømaten om sumaren.

Så til det store spørsmålet: Er det nokon som veit kvar ein kan få kjøpt epleråsaft, eller juice frå pressa epler i Trøndelag? Dei fleste stadar eg har funne tilbyr pressing av medbragte epler. Men eg har dessverre ikkje tilgong på eplehage. Trøndelag er vel ikkje akkurat epleparadis helder, men om nokon veit om ein stad dei sel dette hadde det våre supert! evt om fleire vil gå saman og kjøpe i større kvanta.

-Lars Ove
 
Topp