FrodeSy
Norbrygg-medlem
Tenkte brygge denne øla frå Randy Moshers bok "Radical brewing" før jul som juleøl til neste år. Oppskrift: 62 % munchen malt, 22 % amber, 13 % special b og 3 % carafa II.
Er i utgangspunktet ingen stor kjenner eller tilhenger av frukt og bær i øl, men samtidig trigger denne oppskrifta meg. Like før jul i fjor døydde far til ein nær venn. Under minnesamling i heimen fekk eg smake ei nydeleg fruktkake av mora. Dette gav meg sterk inspirasjon til å prøve lage ei slik som juleøl.
Eg synes at det fort blir for tynt øl når ein bruker bær i øl, men det er vel generelt mindre syre i frukt så det er ikkje sikkert eg treng bekymre meg. Dei to fruktøla med rosiner eg har smakt av Lost Abbey Brewery har vore veldig gode. Eg har i alle fall tenkt å bruke dadlar, fiken og rosiner, kanskje også svisker. Oppskrifta er med tørka frukt. Eg har ikkje smakt tørka tranebær, men innbiller meg at desse kan vere med på å balansere dei andre fruktene. (Kanskje 10 % tranebær?)
Oppskrifta seier ikkje noko om mesketemperatur, men anbefaler skotsk gjær.
Er det nokon som har erfaringar med fruktkombinasjonen eg har skissert ovanfor? Kan slik frukt gi ølet ein syrleg smak? Eg lurer på å meske på litt høg temperatur for å balansere mot syra. Alternativt bytte ut den skotske WLP028 (?) gjæra med 002 / 1968.
Er det andre omsyn eg bør ta når eg skal brygge fruktøl? (Jaudå, eg klarer lese andre tråder også.)