Grjot bryggeri nr 2

katla

 
Har akkurat bygd meg eit alt-i-eitt bryggeri som er laga med eit auga på Speidel Braumeister.  Det er basert på ein engelsk vasskokar - Burco på 30 liter (++)

Det er ikkje fullautomatisk - men eg har tatt bort håplaus termostat og har PID/SSR for å styra temperatur. 

I tillegg har eg omlag same pumpa som står i Speidelane.  Farten på denne pumpa kan regulerast. 

Eg har også valgt å pumpa mesken motsatt veg av Speidel - så eg pumpar MED tyngdekrafta.  Dette gjer også at eg kan bryggja så stor/lita mengd eg ynskjer utan noko ekstrautstyr.
 

Vedlegg

  • 400DSC_6537.jpg
    400DSC_6537.jpg
    53,7 KB · Sett: 661
  • 400DSC_6541.jpg
    400DSC_6541.jpg
    47,7 KB · Sett: 635
  • 400DSC_6544.jpg
    400DSC_6544.jpg
    47,9 KB · Sett: 635
  • 400DSC_6547.jpg
    400DSC_6547.jpg
    41,8 KB · Sett: 629
  • 400DSC_6549.jpg
    400DSC_6549.jpg
    36,8 KB · Sett: 632
  • 400DSC_6550.jpg
    400DSC_6550.jpg
    40,4 KB · Sett: 636
  • 400DSC_6552.jpg
    400DSC_6552.jpg
    49,4 KB · Sett: 632
  • 400DSC_6564.jpg
    400DSC_6564.jpg
    52 KB · Sett: 630
Ser meget bra ut! :) Plasering av pumpa rett på uttaket var jammen ikke en dum idé.. noe for de som vil ha pumpe for sirkulering på beer brew 30.

Edit: ser nå at du har eget uttak for pumpa i kjelen!
 
Kvar har du plassert tempsensoren? Fungerar PID-styringen tilfredstillande? Kva slags silbotn har du?

Fint system! Eg har eit som liknar litt som eg har satt sammen av deler eg har hatt liggandes pluss Biltema hyttekjele som maltrøyr.
 
bozo skrev:
Den pumpa, er du fornøyd med den? Evt hvor mye koster slik og hvor kan man kjøpe?

Pumpa er en LAING / ITT Pumpe Laing ecocirc® E1 E1 vario 15/700B - LH 1400001 - Laing Umwälzpumpe ehem. Laing 1400001
Element #: LH1400001

Har kjøpt den på nettstaden  www.pumpen-heizung.de  og den kosta 66 Euro.  Så kom det frakt og "adm" kostnader på toppen. 

Litt tidlig å skryta for mykje av pumpa - men når den er tilsvarande den dei brukar i Speidel - så er den vel OK.      Min tanke var å montera den UNDER kokaren slik den er i Speidel - men sidan det er eit "skjørt" på min kokar (som det står på) så ville det bli umogleg å koma til pumpa utan å venda kokaren.  Eit pluss med den er at eg kan justera pumpehastigheten frå omtrent 0.
 
protto skrev:
Kvar har du plassert tempsensoren? Fungerar PID-styringen tilfredstillande? Kva slags silbotn har du?

Fint system! Eg har eit som liknar litt som eg har satt sammen av deler eg har hatt liggandes pluss Biltema hyttekjele som maltrøyr.

Temperatursensoren har eg bora inn i botnen av kjelen - mellom dei to uttaka.  Kjelen kom med eit uttak på sida - men det syntes eg var litt vel høgt oppe - så eg monterte ei gjennomføring i botn også som eg har montert pumpa på.    For å kunna opna pumpa i tilfelle det skulle gå fast noko i den under "produksjon" - så monterte eg ei kran foran pumpa slik at eg kan stengja av for væska i kjelen om eg skulle få behov for det.  Kranen fungerar også godt som regulator når eg skal overføra vørter til gjæringskar - det er 1/2 opningar med full gjennomstrømming og utan å begrensa dette ville det vel tatt med seg ein god del av restane etter humlinga. 

Når det gjeld PID styring er eg ikkje heilt nøgd med den enno - eg har vel kalibrert den med for mykje vatn - så det skal eg forsøkja igjen.  Men når temperatur er nådd - fungerar den fint.  Det er også lett å skifta til manuelt modus og styra varmelementet i % (det slår seg av og på).  Eg frykta litt brenning i botnen som enkelte har hatt på BB30 - mitt varmelement er på 3 kw. 

Silbotnen er Reodor Felgen.  Den er laga av stålfat eg fann på IKEA som eg har bora 8 mm hol i.  Så har eg kjøpt eit stort dørslag på IKEA (Idealisk) og brukt nettet i dette som silduk på over stålfatet. For å få det til å verka skikkeleg måtte eg legga inn ein tjukk streng mellom fatet og silduken.  Kanten på silduken er bretta under fatet og så ligg fatet nesten nederst i meskekaret på dei 6 skruane du kan sjå på eit av bileta.  Silen blir dermed ståande 5 cm over botnen i kokaren (der varmelementet er).  Eg tenkte også å laga meskekaret av ei rustfri papirkurv dei hadde på Ikea - men denne var ikkje sylindrisk og litt liten - så då vart det til at eg kjøpte meg eit rør frå eit selskap som produserar rustfrie stålsaker.  røret er 26 mm i diameter og 2 mm tjukt god.
 
Stilig bryggeri, likte spesielt den pumpa. ER du god i tysk? er på leiting etter en slik pumpe i samme størrelse med mulighet for ekstern styring av hastighet. F.eks med 0-10V e.l!
Tror du denne leverandøren har det?
 
mikslen skrev:
…. ER du god i tysk? ….
Tror du denne leverandøren har det?

Anar ikkje om leverandøren har dette.  Er ikkje spesielt god i tysk - 35 år sidan gymnastida og lite tysk sidan det.  Men google si oversetjingsteneste er ganske god og eg brukte den når eg måtte kommunisera med leverandøren.
 
Tilbake
Topp