Fekk endeleg prøvd det nye bryggeriet eg har bygd - først ut var Lucky Jack kopi (nr 2 - nr 1 vart nydeleg).
Det er basert på 36 liters kjelar, march pumpe, autosparge og silikonslangar med camlock hurtigkoblingar. I meskjekjelen har eg silbotten som er laga til denne kjelen.
March-pumpa er ei 809 modell med std. impellar. Den gjev ikkje akkurat syklon i panna når ein skal laga whirlpool - så neste gong får eg prøva med ein ny 815-impellar som det kom inn ein del av igår. Det var litt overgang å gå til March-pumpa frå den gamle 9 watt pumpa eg bruke i mitt bryggeri nr 2 - march-pumpa støyar ein del - den gamle pumpa (som vel er den same som i speidel) var knapt merkbar. Men March-pumpa hadde nok meir trøkk.
I høve til det forrige bryggeriet er dette meir manuelt - her er ikkje noko PID som styrer temp. (Enno.)
Eg har leika meg med dei nye termometra og har både fastmonterte og montert i samband med hurtigkobling slik at dei er flyttbare. For mesking av noko som skal bli 25 liters brygg er dei fastmonterte termometra litt høgt oppe - så dei bør kanskje flyttast ned og dermed litt bort frå kransystemet. Å montera termometeret på hurtigkoblingar slik at det kan flyttast rundt kanskje er nok betre enn fastmontert i meskjelen og då kan det nyttast på fleire måtar.
Camlock hurtigkoplingane er bra saker - dei vert jo varme dei og - men sidan åpne og lukkemekanismen heng ut som vengjer på sidene - blir det heilt greit å jobba med sjølv om det er varmt. Dei nye silikonslangane var også eit steg framover. Dei gamle kjøpte eg på Humle.se og dei var tynnvegga og "knekte" lett - dei nye er 3mm tjukke i veggane og det funkar betre. Og så er dei 13 mm i diameter innvendig. Og kuttar ein ut camlock koblingar med slangekopling og heller satsar på å bruka ein del ekstra for å kopla til slange - får ein så godt som full flow.
Lucky Jack endte på OG 1050 (skulle ha vore 1045).