Grjot Bryggeri nr 3

katla

 
Fekk endeleg  prøvd det nye bryggeriet eg har bygd - først ut var Lucky Jack kopi (nr 2 - nr 1 vart nydeleg).

Det er basert på 36 liters kjelar, march pumpe, autosparge og silikonslangar med camlock hurtigkoblingar.  I meskjekjelen har eg silbotten som er laga til denne kjelen. 

March-pumpa er ei 809 modell med std. impellar.  Den gjev ikkje akkurat syklon i panna når ein skal laga whirlpool - så neste gong får eg prøva med ein ny 815-impellar som det kom inn ein del  av igår.  Det var litt overgang å gå til March-pumpa frå den gamle 9 watt pumpa eg bruke i mitt bryggeri nr 2 - march-pumpa støyar ein del - den gamle pumpa (som vel er den same som i speidel) var knapt merkbar.  Men March-pumpa hadde nok  meir trøkk.

I høve til det forrige bryggeriet er dette meir manuelt - her er ikkje noko PID som styrer temp.  (Enno.)

Eg har leika meg med dei nye termometra og har både fastmonterte og montert i samband med hurtigkobling slik at dei er flyttbare.  For mesking av noko som skal bli 25 liters brygg  er dei fastmonterte termometra litt høgt oppe - så dei bør kanskje flyttast ned og dermed litt bort frå kransystemet.  Å montera termometeret på hurtigkoblingar slik at det kan flyttast rundt kanskje er nok  betre enn fastmontert i meskjelen og då kan det nyttast på fleire måtar.

Camlock hurtigkoplingane er bra saker - dei vert jo varme dei og - men sidan åpne og lukkemekanismen heng ut som vengjer på sidene - blir det heilt greit å jobba med sjølv om det er varmt.    Dei nye silikonslangane var også eit steg framover.  Dei gamle kjøpte eg på Humle.se og dei var tynnvegga og "knekte" lett - dei nye er 3mm tjukke i veggane og det funkar betre.  Og så er dei 13 mm i diameter innvendig.  Og kuttar ein ut camlock koblingar med slangekopling og heller satsar på å bruka ein del ekstra for å kopla til slange - får ein så godt som full flow. 

Lucky Jack endte på OG 1050 (skulle ha vore 1045). 
 

Vedlegg

  • 800_DSC_6834.jpg
    800_DSC_6834.jpg
    147,6 KB · Sett: 1.987
  • 800_DSC_6836.jpg
    800_DSC_6836.jpg
    128,2 KB · Sett: 1.983
  • 800_DSC_6837.jpg
    800_DSC_6837.jpg
    102,6 KB · Sett: 1.998
  • 800_DSC_6841.jpg
    800_DSC_6841.jpg
    149,2 KB · Sett: 2.013
Idag har eg testa bryggjing med 2 pumper og er igong med "serieproduksjon" av 2 brygg - det eine brygget er kokt og kjølt og ventar på å bli tappa (WIT) - det andre er under mesking (Brown ale).

Har også snudd litt på oppsettet og brukar induksjonsplata berre til initiell oppvarming - deretter koking - så brukar eg komfyren til å regulera meskekjelen.  Ganske effektivt oppsett å gjera det slik og praktisk å kunna bryggja fleire brygg i parallel - når ein har kjøkenet for seg sjøl.
 

Vedlegg

  • 800_DSC_6845.jpg
    800_DSC_6845.jpg
    137,4 KB · Sett: 1.800
  • 800_DSC_6846.jpg
    800_DSC_6846.jpg
    152,4 KB · Sett: 1.798
neslekkim skrev:
hva slags pumper har du der?, de lignet veldig på speidel pumpene

Det er vel dei same som er i speidel - iallefall i utgangspunktet.    Desse har bronsehovud.    Er det bronsehovud  på pumpene på speidel mon tru??  Synes eg har sett noko blåfarga??  Nokon som veit kva materiale i pumpene som har kontakt med vørter på speidelen?? 
 
er en bronsering man skrur av ja, også er det en magnetisk drevet impeller inni.
Mener det var deler av huset som var blått, kan ta et bilde når jeg finner speidelen.
 
Hei! Mener å ha lest at speidel pumpene er av messing... Iallefall huset. Rotoren er vel av plast  og stål.

Hva koster disse pumpene du bruker. Er det Vortex? Skulle hatt en pumpe..

Kenneth
 
Eg må innrømma at PID er stovegs til å styra oppvarming med så etter å omsider å ha fått tak i PT100 med 1/2" tilkobling slik at eg har kunna montert den utan altfor mykje mikk - har eg laga meg ei ny flyttbar styring.    PID og SSR er bygd inn i ei tynn trekasse (SSR har kjøleribber som heng litt i lufta inni kassen) og så leverer SSR strøm til ein vanleg veggkontakt.  

Eg brukar ei rimeleg plate under meskekjelen som får sin straum frå kontakten på PID-boksen og så er sensoren montert på kranen (på eit T-ledd som har hurtigkoblingar i kvar ende).   Så sirkulerar eg mesken kontinuerleg med "speidel"pumper.

Eg har arbeidd lenge (i samband med at eg driv Bryggmaker.no) om  å få på plass pumper etter at eg gav opp March pumpene.  Alt i haust kjøpte eg meg dei same pumpene som er brukt i speidel og eg må inntrømma at det er fleire saker med dei som eg likar:
- dei er ekstremt stillegåande: dette skuldast at det berre er rotoren (impellar) som går rundt - sjøve "motoren" er basert på same prinsippet som den spolebaserte magnetrøraren som debuterte her på Norbrygg for nokre veker sidan.  
- det er enkelt å montera/demontera pumpehus for reingjering - ein treng ikkje verktøy.
- dei har innebygd fartsregulator.
- dei er ogå miljøvenlege på andre måtar enn at dei ikkje bråkar: dei brukar berre 9W når dei kjører.

Dei er rettnok ikkje laga i rustfritt stål men bronselegeringa som er brukt har særs lite bly og når speidel braumeister kan satsa på desse så kan vel også andre gjera det.   Utover dette kunne eg ha tenkt meg at dei var kraftigare.  Dei er supre til mesking men om ein vil laga whirlpool er dei ikkje så gode.    Det fins rettnok ei utgave av desse pumpene som har 3 gonger så mykje kraft og som kan konkurrera med March pumpene samstundes som den er så godt som lydlaus - men denne har dessverre ein impeller som ikkje egnar seg for humlerestar.

Eg har 2 pumper i bruk:  dette er i hovedsak for å kunna pumpa samtidig frå HLT til meskekjele(via autosparge)  og frå meskekjele til kokekjele (så kan eg starta oppkok sraks det er komen over nokre liter og då går prosessen raskare).

Eg har også testa korleis det er å bruka 2 pumper for å få dobbel kraft for whirlpool - men det synes eg vart litt vel mykje koblingsmikkmakk  - men det er no med ei bilete av det.    Og  på siste brygget eg lagde lagde eg whirlpool på den manuelle måten med ei sleiv.   Det funka det og - vi snakkar vel kanskje om 0,5 liter i forskjell på kva ein får ut av kjelen før trub i botnen tek over.  
 

Vedlegg

  • DSCN0254.JPG
    DSCN0254.JPG
    283,4 KB · Sett: 1.388
  • DSCN0251.JPG
    DSCN0251.JPG
    327,3 KB · Sett: 1.391
  • DSCN0249.JPG
    DSCN0249.JPG
    355,8 KB · Sett: 1.409
  • DSCN0246.JPG
    DSCN0246.JPG
    306,2 KB · Sett: 1.382
  • DSCN0245.JPG
    DSCN0245.JPG
    281,5 KB · Sett: 1.412
  • DSCN0244.JPG
    DSCN0244.JPG
    305,2 KB · Sett: 1.394
  • DSCN0243.JPG
    DSCN0243.JPG
    252,1 KB · Sett: 1.387
Ser at pumpene er av akkurat samme type pumpe som jeg fikk tilsendt av Petit etter problemer med en av de blå pumpene som var på speidelen fra før av.
 
Det med dei blå pumpene på Speidelen (høyrest ut som du har 50-literen) - er pumpehuset der av plast?  eller er det berre utsida som er malt blå?  Har lurt litt på dette.    Er blåfargen noko som er komt på pumpene nå - synes å ha sett tilsvarande pumper som desse tidlegare? 
 
Jeg har kjøpt de delene jeg trenger til å lage samme type boks med pid styring.. Men jeg har begrenset kunnskap om el kobling.. Kunne du tenke deg å legge ut bilde eller koblingskjema til ditt ??
 
Sjå vedlagte teikning:

Dei tre farga strekane som kjem inn på toppen frå venstre symboliserar ledninga du får straum frå.     Det er alltid ein gul/grøn ledning (det er jordledninga) og så er det ein blå og ein brun (eller svart) ledning.    Den blå og den er dei som fører straum.    

Den raude boksen øverst er kontakten.

Gul (grøn) ledning:  denne er kobla til jordinga på kontakten.  Det har ofte eit jordingssymbol som ser ut som ei antenne.

Brun ledning ledning:  denne er kobla til PID/2:  og til kontakten.  (det står ofte L og N på dei 2 polane på kontakten som du skal kobla straum til).    

Blå ledning:  Denne er kobla til PID/1 og til SSR/1.  

(Koblinga til PID/1 og PID/2 er for å at PID skal få straum).  

Så ser du at eg har teikna ei stipla blå line frå SSR/2 til kontakten.    Når PID styrer SSR (slår den av/på) så vil det føra til at straumen som kjem inn på den blå leiaren i nr 2 vert sendt ut på den stipla leiaren i nr 1 - og dermed blir det straum i begge leiarane i kontakten og den er på.      

For styring av PID må du ha ledningar mellom PID/6 og SSR/3 samt PID/7 og SSR/4.   Desse er slik at dei er positive/negative så dei må koplast rett.    (straumen i den blå og den brune er vekselstraum så der svingar det mellom + og -   50 gonger i sekundet).  

RTD PT100 sensor koblar du til på 8,9 og 10.  Det er 3 ledningar på sensoren og 2 har same farge.  Dei som har same farge koblar du til 9 og 10.   Den som har annan farge koblar du til 8.   (nokre gonger er det 2 raude og 1 kvit, andre gonger er det 2 kvite og 1 raud)

Skru godt til ledningane i PID 1/2 og SSR 2/1 og i kontakten.    For dei blå, brune og den gul(grøne) ledningane må du bruka ledningar som har tjukt nokt tversnitt (kvadrat) til å takla den straumstyrken du skal bruka.  Her kan sikkert nokre elektro-geni svara på om f.eks. 1,5 mm2 er nok til 16A. 

Du må også gå inn i menyen på PID og endra innstillinga litt:    

- få den til å bruka Celsius i staden for Fahrenheit
- stilla inn at den skal ha PT 0.0 sensor

Sjekk med vanleg termometer at PID+sensor og termometer er nokolunde enige om temperaturen.

Legg også merke til at den BRUNE ledninga er kobla direkte til kontakten og det betyr at det alltid vil vera straum i den uavhengig av PID/SSR…  

Når du har fått det til å fungera må du fylla vatn i kjelen og kjøra autotune prosedyre for at den skal læra seg ditt system.

Og til sist:  dette er vel ikkje lovleg for oss som ikkje er utdanna i faget å gjera - eller kven veit?   om du er veldig usikker på dette er det lurt å få hjelp av ein fagperson (vel -det er det vel uansett).

straum er livsfarleg og ein bør vita kva ein gjera når ein koblar - konsekvensane av feil kobling kan vera fatale - og det treng ikkje vera deg men andre.  

(eit lite døme frå det verkelege livet: person 1 går i dusjen.  person skal stryka klær.  huset er gammalt og har feil på jording.  strykejern har feil og fører straum til jord.  person1 slår på dusjen og såpar seg inn. Person 2 slår på strykejernet og voila - der fant det jammen god jord via dusjen/avløp.   person 1 -> EXIT…)
 

Vedlegg

  • kobling-auberins.jpg
    kobling-auberins.jpg
    132,8 KB · Sett: 976
Bernts skrev:
Tusen takk, tror nok jeg skal få litt hjelp til dette,..

Jeg har selv akkurat koblet opp to slike. Og jeg var nøye med jording! Det er bare å stikke innom om du vil ta en nærmere titt.

Det er vel lov å koble slikt opp selv, så lenge dette ikke er en fast installasjon. Jeg selv har alt på et trillebord. Det er ihvertfall min tolkning.  ;D
 
Jeg ser at oppsettet jeg fikk fra deg er snudd litt på hodet i forhold til tegningen som fulgte med fra produsenten, min PID har ikke utgang på 2 og 7. , samt andre utganger for strøm. Men heldigvis  fikk kompisen min med seg dette og avverget en evt katastrofe..... ;D.. Men takk for oppsettet..
 
Godt det gjekk bra.  Min tegning var og basert på  den som kom frå produsenten.  du har vel då kanskje ein annan modell enn meg?
 
Jo det gikk bra. Venter på pakke fra Oslo, så i morgen blir det full kobling og testkjøring med kalibrering...
 
Tilbake
Topp