Var det dette du tenkte på?
---
Dei tre farga strekane som kjem inn på toppen frå venstre symboliserar ledninga du får straum frå. Det er alltid ein gul/grøn ledning (det er jordledninga) og så er det ein blå og ein brun (eller svart) ledning. Den blå og den er dei som fører straum.
Den raude boksen øverst er kontakten.
Gul (grøn) ledning: denne er kobla til jordinga på kontakten. Det har ofte eit jordingssymbol som ser ut som ei antenne.
Brun ledning ledning: denne er kobla til PID/2: og til kontakten. (det står ofte L og N på dei 2 polane på kontakten som du skal kobla straum til).
Blå ledning: Denne er kobla til PID/1 og til SSR/1.
(Koblinga til PID/1 og PID/2 er for å at PID skal få straum).
Så ser du at eg har teikna ei stipla blå line frå SSR/2 til kontakten. Når PID styrer SSR (slår den av/på) så vil det føra til at straumen som kjem inn på den blå leiaren i nr 2 vert sendt ut på den stipla leiaren i nr 1 - og dermed blir det straum i begge leiarane i kontakten og den er på.
For styring av PID må du ha ledningar mellom PID/6 og SSR/3 samt PID/7 og SSR/4. Desse er slik at dei er positive/negative så dei må koplast rett. (straumen i den blå og den brune er vekselstraum så der svingar det mellom + og - 50 gonger i sekundet).
RTD PT100 sensor koblar du til på 8,9 og 10. Det er 3 ledningar på sensoren og 2 har same farge. Dei som har same farge koblar du til 9 og 10. Den som har annan farge koblar du til 8. (nokre gonger er det 2 raude og 1 kvit, andre gonger er det 2 kvite og 1 raud)
Skru godt til ledningane i PID 1/2 og SSR 2/1 og i kontakten. For dei blå, brune og den gul(grøne) ledningane må du bruka ledningar som har tjukt nokt tversnitt (kvadrat) til å takla den straumstyrken du skal bruka. Her kan sikkert nokre elektro-geni svara på om f.eks. 1,5 mm2 er nok til 16A.
Du må også gå inn i menyen på PID og endra innstillinga litt:
- få den til å bruka Celsius i staden for Fahrenheit
- stilla inn at den skal ha PT 0.0 sensor
Sjekk med vanleg termometer at PID+sensor og termometer er nokolunde enige om temperaturen.
Legg også merke til at den BRUNE ledninga er kobla direkte til kontakten og det betyr at det alltid vil vera straum i den uavhengig av PID/SSR
Når du har fått det til å fungera må du fylla vatn i kjelen og kjøra autotune prosedyre for at den skal læra seg ditt system.