Halvgammal Cascade - Brukande?

Opna ein hardvakuum trekilosball med Cascade i kveld og hadde i mindre posar for å ha i frysen. Aromaen virka litt aldersprega, litt slik som apotekhumler kan vera. Veit ikkje heilt kor gamle desse er, og det sto ikkje noko informasjon på ballen heller. Kan eg rekna med at det er litt alfasyra igjen? Blei gulgrøn på fingrane då eg sleit dei frå kvarandre. Men dei virka mykje tammare enn eg venta, ikkje i nærleiken av det eg har fått som pellets av Maltbua og HopsDirect. Tips til bruk, de som er garva bryggjarar?
 
Lambic skal ha gammel humle i seg. Men det er jo litt brutalt å brygge lambic bare fordi du har gammel humle, og dessuten er det neppe Cascade de bruker.

Rent generelt kan du justere opp humlemengde for å kompensere for at den har vært lagret litt, men om du ikke aner hvor gammel den er, så er det ikke så enkelt og det er ikke en teknikk som kan strekkes til det uendelige. Cascade lyder som US IPA og venner, og det er ikke øltyper som er tilgivende overfor gammel, oksydert humle.

Dersom du er usikker på humla, tror jeg at jeg i beste fall ville ha brygget et test-brygg, f.eks en nokså straight US IPA. Dersom det ikke ble som forventet, så ville jeg skaffet meg ny humle. Det er fint å ha masse Cascade, men pengene du bruker på humla i et brygg er lite sammenlignet med tid og innsats du legger ned, så det er en moderat investering å eliminere mulig dårlige råvarer. Og om den gir dårlige brygg, så kommer du til å brygge dårlige brygg i flere år fremover dersom du skal bruke den opp.
 
Takkar for innspel! Klarte ikkje å la vera å sei jatakk til eit veldig godt tilbod då eit lite bryggjeri la inn årane, og var kjend med at humla var litt tilårskommen. Hardvakuumerte humler held seg godt, så eg tok sjansen. Eg er ikkje lengre på fjorden rodd enn at alle mine brygg er forsøksbrygg. Viss eg no bryggjar 28 liter minus tre liter med trubb og farer, lagermalt til ca 1060, og kokar 170 gram ein halvtime, 60 g eit kvarter og så 60g oppi på fem minutt, eitt minutt og varmeslokka. Då reknar BeerCalc ut ca 70 IBU viss humlene fortsatt held 5%, og berre 40 viss det berre er att 3% i dei. Humlene luktar og smakar eigentleg retteleg godt dei, men berre ikkje så intenst som ein fersk pakke med pellets. Eller eg kan hiva i ein kilo fordelt fem tilsetningar frå 30 min til tørrhumling. Sjølv med humlesokkar blir mykje tap med så store mengder, men eg får meg ikkje til å berre hiva dei heller når eg ikkje er sikker på at dei er ubrukelege. Eg dristar meg til å spørja kva de andre ville gjort?
 
Jeg ville forsøkt å legge til ca 20% på humletilsettingene og brygget en IPA. Tipper den blir god som gull! :)
 
Tilbake
Topp